Publisert Legg igjen en kommentar

Roland Cedermark er død: Skapte stort publikum for dragspelet

Den svenske trekkspelaren, songaren og komponisten Roland Cedermark er død 82 år gammal.
Han vart fødd i Härjedalen 23. april 1938 og døde 24. desember 2020 i Sigtuna utanfor Stockholm.

NORILDAVISA – KJELL OPSAL

Cedermark hadde eit stort publikum både i Sverige og Norge. Han turnerte mykje og spelte inn over 20 LP-plater som gjekk i store opplag.
I 1976 debuterte han på plate ”Lady be good” der han lanserte sin eigen stil og bygde opp ein artistprofil som appellerte til alle generasjonar.

Lanserte seg i Ransäter

Året etter var han i Ransäter og spelte plata over høgtalaranlegget i bilen. Han var ganske ukjent, men blei snart lagt merke til. Men at suksessen skulle bli så stor hadde han neppe sett for seg.
Under konsertering var han som regel åleine på scena, assistert at komp på playback, men spelte alltid solistisk på trekkspelet. Han sang attåt og la gjerne inn historier med spøkefulle poeng.
På repertoaret stod hans eigne verk, slik som ”Mosippan”, ”Sången til byn”(Sangen til bygda i Anne Marie Kviens versjon i Norge) og ”Varje dag är en gåva”.
Også mange av dei klassiske religiøse songane blei lansert på platene, bl.a. ”Pärleporten”.
Av den nordiske viseskatten hadde han sin fine versjon av ”Lilla vackre Anna”. Evert Taube stod ofte på programmet.

Dyktig på sitt instrument

Populariteten kunne overskygge trekkspelaren, men det skal vere sagt at han kunne sitt instrument. Ved fleire høve høyrde vi at han også meistra ”retta draget” på instrumentet.
At han blei så stor var først og fremst fordi han gjekk eigne vegar og framførte populærmusikk på sin originale måte.
Han var ein ettertrakta artist og vi fekk oppleve han på scena bl. a. i Ransäter, under Selbufestivalen, Belgiaden i Geiranger. Belgfesten i Molde, i Ørskog…

Sterk konsentrasjon

Eit særtrekk var at han var veldig tilbaketrekt og konsentrert før han skulle inn på scena. Fullt fokus på det han skulle presentere for publikum.
Til konsertane køyrde han oftast i sin store van der kona Gerd som regel var med.
Eit stort tap var det då ho døydde for nokre år sidan.
Siste tida var han svekka av sjukdom og sovna stilt inn på ein sjukeheim natt til julaftan.
Hans næraste sørgande er tre søner

Trekkspelmiljøet treng fargerike aktørar

Roland Cedermark var eit fargerikt innslag og ein framtredande dragspelsartist. Han nådde eit stort publikum, selde to millionar plater og var flittig gjest i radio og fjernsyn.
Det er nettopp slike originale og godt synlege aktørar vi treng i trekkspelmiljøet.

Legg igjen en kommentar