Publisert Legg igjen en kommentar

Trekkspelvirtuosar på Ørskog-besøk

Konsertserien i samarbeid mellom Håvard Svendsrud og Norilds Musikk blei runda av på Systra med virtuosbesøk i slutten av november.

BB – KJELL OPSAL

Det var Øyvind Farmen, kåra til verdsmeister på trekkspel, som spelte både solo og duettar med Svendsrud.

Der var også gjesteinnslag med Knut Ivar Bøe-eleven Bendik André Berg frå Vestnes.
Dette var eit konsertprogram først og fremst med komposisjonar av italiensk/amerikanske Pietro Frosini (1885- 1951).
Han skapte eit konsertrepertoar med melodiar som ofte hadde rot i den italienske folkemusikken.

Med stor bravur opna dei to virtuosane med ’’Jolly Caballero” som er blant Frosinis mest kjende verk. Med dei to trekkspelmeistrane vart stemninga høgt løfta frå første nummer som blei etterfylgt av den vakre og melodiøse valsen ’’Vårserenade” i Anders Grøthe sitt arrangement.
Farmen var også ein glitrande solist i den gamle italienske klassikaren ’’Karneval i Venedig”.
”Den er arrangert for alle mulige instrument – unnateke stortromme”!

På trekkspel er dette eit favorittnummer bl.a. tolka av den store Toralf Tollefsen. Øyvind Farmen nytta Frosini sitt originale arrangement.
Med stor innleving fekk vi høyre også ’’Italiensk fantasi” framført av Håvard Svendsrud.

Vi høyrer ofte kommentaren ’’meister på alle mulige stilartar”! Han slo også til med ein novelty fox som var så populært for 100 år sidan.

Sikkert er det at publikum (fleire langvegsfarande) til fulle fekk oppleve meisterspel av to av dei beste – uansett nasjonalitet.

Fint var det også å få høyre 15 år gamle Bendik André Berg frå Vestnes som spelte to av Frosinis mest kjende, ’’Olive Blossoms” og bravurpolkaen ”Vel Viso”.

I alt har Håvard Svendsrud hatt opplegg og regi for fire konsertar denne hausten. Det er godt mulig at det kan bli fleire tilsvarande opplegg på nyåret der han tek med gjestemusikarar.

Legg igjen en kommentar