Publisert Legg igjen en kommentar

Trekkspelaren Bjarne Lien i Vistdal 75 års jubilant

Spelte Mardalsfossen inn på Norsktoppen

15. februar 2021: På denne dag fyller Romsdals-spelemannen Bjarne Lien i Vistdal 75 år. Han gjorde mange produksjonar på LP og CD og vil for all ettertid stå som gammaldansmusikaren som med sin eigen polka ”Mardalsfossen” oppnådde plass blant all popmusikken på Norsktoppen.

Norild-Avisa – Kjell Opsal:  Bjarne Lien høyrer spelemessig og gjennom komposisjonar til generasjonen rundt og etter Oddvar Nygaard og den legendariske rallarspelemannen Ole Wenge.

Stilreint har han tolka denne musikkforma, også saman med store felespelarar som Ola Opheim og Knut Kjøk i Gudbrandsdalen.

Han blei lagt merke til å unge år både for spelinga og melodiane som etterkvart kom til.

Under striden rundt reguleringa av Mardalsfossen i Eikesdal på 1960/70-talet komponerte den unge Bjarne polkaen som fekk stor aktualitet (kraftproduksjon) og dermed sending på Norsktoppen i NRK.

Men dette er berre ein av dei mange melodiane han har laga med titlar som ”Spelemannsbrura” – ”På Romsdalsmartna” og ”Vistdalsmasurka” som verkeleg innbyr  til masurka/hambodans på Romsdalstunet.

Bjarne Lien har hatt sin eigen gammaldanskvartett med kjentfolk i miljøet som Håkon Oshaug (bass), Bjarne Hjelvik (gitar) og Unni Staurset (fele). Han har alltid vore amatørmusikar. Platene er spelt inn for fleire selskap, bl.a. Talent Musikk og Norilds Musikk – som også har gitt ut notehefte med Lien-melodiar.

På platene har han løfta fram den romsdalske spelemannstradisjonen, men og frå Gudbrandsdalen der han har hatt så fine inspirasjonskjelder.

Bjarne Lien har alle i år vore hobbymusikar, i det daglege var han bussjåfør, og var i mange år flittig rundt på festivalar og konsertar – gjerne også som tilhøyrar.

Med sin posisjon har han sett sitt musikalske merke i eit distrikt der tradisjonsmusikken har vore så godt synleg. Og sjølv fører han fram slåttane fram med sug og stor rytmikk – kjenneteikn på god gammaldans.

75 års jubileet blei markert i NRK P1 + med gratulasjon og musikk.

Legg igjen en kommentar