Publisert Legg igjen en kommentar

Trekkspelaren og hotelldirektøren jon Skrede er død

Jon Skrede saman med to av dei mest kjende trekkspelarane, svenske Alf Hågedal (t.v.) og Frode Haltli, fotografert under Skeitreffen i 2011.

23. februar 2021: Trist melding frå Skei: Trekkspelar og hotelldirektør Jon Skrede er død 90 år gammal.

Han køyrde både drosje og var poststyrar på Skei og var mangeårig direktør for familiehotellet Skei Hotel.

Trekkspelet var den store interessa og han stilte gjerne opp og spelte når der kom busslastar med gjestar.

Skeitreffen var eit kvalitetsarrangement som han sette sitt stempel på. Der deltok mange av dei fremste norske og utanlandske trekkspelarane. Det er neppe nokon arrangør som har hatt så mange musikarar med VM-titlar på scena.

Jon Skrede var både konferansier og ei drivkraft til å få tak i dei beste kreftene. Han samarbeidde tett med Henry Haagenrud og seinare Frode Haltli som begge var viktige støttespelarar.

Det var trekkspeltreff med høg miljøfaktor der også lokale aktørar hadde sin sjølvsagte plass i programmet.

Skrede vart heidra med Kongens medalje og for det norske trekkspelmiljøet er ei eldsjel borte. Han gjorde mykje for trekkspelets sak – over lang tid.

Legg igjen en kommentar