Publisert Legg igjen en kommentar

Musikkfest med slager, gammaldans og allsang i Ørskog kulturhus

Der var fleire som hevda at der må vere synske evner i Ørskog Trekkspelorkester: For eit halvt år sidan blei det bestemt å legge «opningskonserten» til søndag 26. september – «då må vere restriksjonane vere oppheva».

BB – KJELL OPSAL
BB – BENJAMIN B. OPSAL (foto)

Med fullsett hus kunne trekkspeltonane lyde ut i storsalen på kulturhuset – 24 timar (!) etter av statsministeren hadde kunngjort slutt på det unormale samfunnet.
Dette kunne merkast på publikum som kom frå heile distrikt, sør og nord i fylket.

Far og son Svendsrud
Det blei invitert til allsang, virtuost klassisk spel av far og son Svendsrud. Tenåringen Oskar imponerte stort i tolkninga av «Cubansk akvarell» og i samspelet med faren. Her stod norske Christian Liebaks klassikar «Orpheum intermesso» på repertoaret.
Gjennom konserten var det mange aktørar som bolstra seg på scena. Daniel Falcon Græsdal styrte Ørskog Allspelorkester som spelte både Jularbos «Min förste komposition» – solist Marius Berglund på toradar, og Per Bolstads «Glade Ålesund» med Øystein Vestre som sangsolist. Han var også programleiar og kunne presentere eit tettpakke program.

Klassisk virtuosspel med Håvard og Oskar Svendsrud.

Jubilant
Eitt av høgdepunkta var gratulasjonen til 90 års jubilant og trekkspelar Leif Øye frå Hjørundfjorden, men med nær tilknyting til Ørskog.
Han blei tileigna Brandelius-slageren «Med en enkel tulipan» pluss at orkesteret med barnebarnet Inga-Lill Øye Lännerholm som solist framførte Leif sin komposisjon «Vals til Slogen» til tekst av Stein Nupen. Slogen rager rett over heimen til Leif og familie – og der han tallause gongar har gått til topps – 1500 meter (pluss) over havet!

Medlemar av Allspelorkesteret: Far og son Arve og Roy Sæbø, bak Harald Fylling og Roger Oksavik.

Alltid suksess
Multikunstnaren Odd Arne Halaas gjer alltid suksess med trekkspelet, songen og ikkje minst historiene – som han har mange av.
Janne Holseter som også ofte har vore med, stilte suverent opp som sangsolist og i duettar.
Midtvegs baud Ørskog Bygdekvinnellag på kaffi og kaker – og praten gjekk livleg rundt borda i sidesalen. Populært.
Det var stort aldersspenn og blant tenåringane var også Gina Giske frå Engesetdal som var solist i Vera Lynn-slageren «White Cliffs of Dover» – vakker tolkning av denne sangen så mange kjenner frå krigen.
Kompgruppa Reidar Hovde, Sigmund Slaeen og Roe Skavnes slo an tonen til «Lille vackre Anna» som Alf Prøysen gjorde kjent.

90 års jubilanten Leif Øye blir gratulert av Odd Arne Halaas.

Annas vise
Ein sang som er blitt veldig kjent i seinare tid er «Annas vise» av svenske Leif Göras. Daniel hadde laga eit fint arrangement og let oss høyre melodien for to trekkspel og fløyte med bror Miguel og Sofie Berge. Etterkvart fall Halaas inn med kjenslevar sang. Vakker!

Inga Lill Øye Lännerholm med «Vals til Slogen».

Populære melodiar
Allspelorkesteret la inn populære gammaldansmelodiar i polka, vals og reinlendertakt. Og Halaas var solist i Hans Rotmos «Dansen på Nedre Elvehavn» til eige trekkspelakkompagnement. Nydeleg.
Medan sonen Oskar var med i orkesteret, var far Håvard frampå i fleire samanhenger, slik som virtuosnummeret Jolly Caballeiro.
Ein festleg duett med Halaas og Janne Holseter, «Mary Strand» av Evert Taube.

Gina Giske – solist i «White Cliffs of Dover».

Finalen
Alle var med i finalen – først Livet i Finnskogarna, og så Calle Schewens vals der musikarar, sangsolistar og publikum fekk taket nærast til å lette seg.
Arrangøren Ørskog Trekkspelorkester fekk mange spørsmål om tid for neste arrangement.
Sidan dette var planlagt før opphevinga av restriksjonane, har vi i den uvisse situasjonen ikkje teke sjansen på å tidfeste fleire arrangement.
Men det er klart at meir skal det bli – og langt opp og fram er det bestemt at 8. mai neste år blir det Fredskonsert, seier Reidar Opsal som lover meir musikk før den tid..

Sangartistane Janne Holseter, Øystein Vestre og Odd Arne Halaas med klassiske allsongar.
Fullsett i kulturhuset der publikum var flittig med i allsangen.
Legg igjen en kommentar