Nygaard i 100

kr 207

Varenummer: 1304106 Kategorier: ,

Beskrivelse

ODDVAR NYGAARD frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen levde av musikken sin. Han flytta aldri frå bygda og hadde den lokale folkemusikktradisjonen som ballast frå tidlege år. Han lærte tidleg å spele trekkspel, og han lærte fort. Sjølv sa han at han heldt fast ved same stilen i alle år – ein eigen spelestil inspirert av den lokale folkemusikken. Ein rik ornamentikk frå feleuttrykket med bruk av ein borduntone i diskanten på trekkspelet prega framføringa. Inspirasjonen frå felespelet i Gudbrandsdalen gav grobotn for den særeigne spelestilen hans.

DENNE NOTESAMLINGA inneheld komposisjonar som vart til over eit tidsrom på rundt 50 år. Oddvar Nygaard hadde eit musikarliv frå debuten som utøvar før han fylte 10 år til han gjekk bort 21. april 1985, nesten 66 år gammal. Parallelt med aktiv utøving laga han melodiar med mange ulike uttrykk frå konsertstykke til visetonar og moderne dansemusikk som tango og foxtrot, springleikar og ikkje minst mange runddansmelodiar. Som utøvar spelte han både klassisk musikk og komposisjonar av trekkspelvirtuosane Pietro Frosini (1885-1951) og Pietro Deiro (1886-1950) og andre. Nygaard var tidleg svært allsidig, sjølv om han for eit større publikum kanskje er mest kjent som trekkspelar i sin eigen kvartett, Oddvar Nygaards kvartett, der Ola Opheim var den faste medspelaren på fele. Dette samspelet vara i 21 år og førte med seg ei mengd plateproduksjonar frå 1964 til den siste plata som kom ut i 1986, året etter at han gjekk bort.

Utvalet i denne notesamlinga representerer dei sjangrane han skreiv innafor. Somme av desse stykka er teknisk krevjande å spele, medan andre er lettare å få tak på. Notane til desse komposisjonane er ikkje lenger er å få tak i. Derfor er denne utgivinga på sin plass 100 år etter at han vart fødd, 23. juli 1919. Det bør gi denne notesamlinga stor bruks- og dokumentasjonsverdi.Vi har også vald å trykkje nokre handskrivne noter frå notepennen hans for å gi samlinga større autentisitet. Ettertida har vist at fleire av Nygaards komposisjonar hadde stått seg på å bli framført slik han skreiv dei. Ei samanlikning mellom det trykte materialet og dei komposisjonane som vart innspelt i studio viser at det ikkje alltid er fullt samsvar. Det gjeld også for kategorien «Viser og vers», som Tom Willy Rustad har transkribert for denne utgivinga. Her ligg innspelingane til grunn for transkripsjonane.

DENNE BOKEN INNEHOLDER:

SØR-FRONSBRURA
EIT SLITI KJØKENGOLV
GAMLE VEGEN
HESTGJETARBUA
HULDRESLÅTTEN
MØTE VED UTGARDSLEET
HANS OG HÅNÅN
SKISPOR
STORELGEN
STORJUGER’N
TATERJENTA
VILLMARKENS MELODI
SPELLMANNSHALLINGEN
DELIRIUM
EKTE DØL
50- ÅRSDAGEN
FJELLMINNER
GAMMELFANTEN
GLADE TONER
GRANDIOSO
LEIRDØL’N
LIVAT PÅ FRON
MASURKA
MED SØLV I HÅRET
NI-TIMENS MASURKA
PÅ PONSBALL
SETERJENTA
SKÅRÅHOPPEN
TREKKSPILLKLUBBEN
UNGDOMMENS RADIOLÅT
VILLROSEN
DALE-GUDBRAND
DRIFT I SALA
DØLAGUBBEN
FJELLTJØNNJENTA
GUST I VÆRET
I NORDASNO
JO GJENDE
MÅRRÅFRESKEN
NYTT FRÅ BYGDOM
ODDVARS VM-POLKA
OLA KAMPENS MINNE
PÅ BLÅE LIVET
PÅ PRINSEHYTTA I SIKKILSDALEN
SJÅRDALS-KAREIN
STOR-JUTUL’N
SÅ SVEITTEN HØLJA
TAKK FOR DANSEN
TYIN-POLKA
VED MIDNATTSLEITE
TIL MINE VENNER I ØNSKEKONSERTEN
BIRKEBEINER’N
FJELLJENTA
HAUGTUSSEN
HILSEN FRA ODDVAR NYGAARD
HO ANNA I MOOM – ( «FRÅ GAMMELTIOM»)
HULDRA VED VAKKERTJØNNA
HULDREDANS PÅ SETERVANGEN
I 60-ÅRSLAG
20-ÅRSJUBILEUM PÅ BEITOSTØLEN
NATTRANGLAR’N
PÅ RONDESLOTTET
PÅ SPARKET
SLIPSTEINEN
STOREGUT
STYGGEN I HULDERHAUGA
TROLLKATTEN
TROND I VALFJELL
VED ESSANDSJØEN
FURUKRAGGEN
SELJEFLØYTA
HØR FIOLINEN
TANGO DOLOROSA
DANS I GAMMELSTUGUN
DØLAVALSEN
FRONSVALSEN
GUDBRANDSDALSVALSEN
KULTURARVEN
MAIHAUGVALSEN
NM-VALSEN
NORDLYSNATT
ODDVAR NYGAARDS VALS
PÅ ROMJULSBALL
PÅ SMÅSTUGUBALL
RONDEBRURA
60-ÅRSVALSEN
SLUSKEVALSEN
SMED-JENS MINNE
SPELLEMANNSVALSEN
STOR-JOHANS VALS
SØLVBRURA
TIL VENNENE AV GAMMELDANS
VALSE AMOURETTE
VALSEN TIL SOLLIA
VALS TE’ TUSEN
VI OVER 60

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Nygaard i 100”