Vegvaktaren – slåttar av og etter Peter L. Rypdal

kr 349

Varenummer: 1304107 Kategorier: ,

Beskrivelse

Peter L. Rypdal (1909-1988) var spelemann og slåttekomponist. Av yrke var han gardbrukar og vegarbeidar – eller vegvaktar som tittelen var i hans tid. Rypdal var ein allsidig musikar, og folkemusikk-etiketten var berre ein av fleire etikettar som kunne klistrast på hans musikalske person. Mellom komposisjonane hans finn me mellom anna små firstemte komposisjonar i kunstmusikalsk retning, me finn korsongar og viser, og me finn virtuose slåttar i retning Per Bolstad-stil ved sida av springarar komponert i ein overtydande tradisjonell stil. Boka er delt opp i to bolkar, der den første bolken inneheld slåttar komponert av Peter L. Rypdal, og den andre inneheld slåttar i tradisjon etter han. Heftet er sammanfatta av Rypdal sitt barnebarn, folkemusikaren Jorun Marie R. Kvernberg.

Komposisjonar:/Liten brudlausmarsj-Bruremarsj i A/Svanhilds bruremarsj/Eit sumarbrudlaug/Vegvokteren/Brudlaupet på Nordbø/Springdans/Sommernatten/Liten rundvals/Jeremiasvalsen/Olavs heimkomsthelsing/Brudlaupsvals/Bestefars 70 aarsdag/St. Hans-kveld/Dugnadsvalsen/Takk for i kveld/Erlandsens klarinettpolka-Polka for to klarinettar/Pariser-polka/Skåtårsmasurka/Moroguten/Ekko fra Eikesdal/Andante for fire feler/I stille timar/Han Ola og vårkvelden/Syng i ungdoms glade dage/Åsas vårsong/Haust/Nordmørssongen/Heimbygd-song/TRADISJONSSLÅTTAR:/Halling etter Jakob Kjersem/Halling etter Jakob Kjersem på trollstemt fele/Den trollstemte/Knepparen/Springdans etter Jakob Kjersem/Gammal springdans I/Gammal springdans II/Springdans i F/Kjøpstad-springdans/Springdans «Københavneren»/Gauken/Bruremarsj etter Jakob Kjersem, fra 1870-åra/Bruremarsj etter musikkfanjunker Jakob Rypdal/Gammal vals etter Jakob Kjersem II/Gammal vals frå Tresfjord/Reinlender etter Jakob Kjersem I/Reinlender etter Jakob Kjersem II/Reinlender komponert av Nils Kjøpstad/Masurka etter Jakob Kjersem I/Masurka etter Jakob Kjersem II/Til ein ven, vals av Henry Vike

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Vegvaktaren – slåttar av og etter Peter L. Rypdal”