Publisert Legg igjen en kommentar

Skogsby-Lasse sette munnspelet på folkemusikkartet

Storspelemannen Skogsby-Lasse (1925-2008) har fått si velfortente minnebok. Takk vere Åke Bengtzon i Östersund, kan vi i tekst og bilder følge munnspelvirtuosen liv og virke.

NA – KJELL OPSAL

Det borgarlege namnet Edvard Larsson er neppe kjent blant så mange, men seier vi ”Skogsby-Lasse”, lyser folk opp. Han var ikkje berre ein glitrande god spelemann, men også eit flott menneske som det alltid var ei glede å møte.

Personleg
Han var personleg beskjeden i si framferd. Var ikkje den som stakk seg fram, men tok han fram munnspelet var han synleg for alle.
Vi gløymer aldri der han under Selbufestivalen der han samanmed Røstad-gjengen spelte opp med den forrykande polkaen ”Krimen”. Publikum var heilt i ekstase og jubelen ville ingen ende ta.

Ransäter
Han var populær gjest under Belgiaden i Geiranger og fleire gongar tok han turen til Ransäter til begeistring for eit stort publikum.
Rundt seg har Skogsby-Lasse hatt mange gode venner og støttespelarar både i musikk og organisasjon. Blant des-se er Åke Bengtzon som er ei kjempe i arbeidet for den nordiske musikkskatten.

Unik spelemann
Gjennom boka – 100 sider og stort format, følger vi den unike spelemannen frå heimemiljøet til turnébesøk ute på festivalar og konsertar rundt i Norge og Sverige.
Skogsby-Lasse minnast sjøl ein fattig barndom der han som 9-10 åring søkte arbeid rundt på gardane og spelte munnspel inn i blant.

Rikskjend musikar
Frå gjennombrotsåret som rikskjend musikar, 1976, har han vore populær aktør på tallause scener. Frå 1996 blei Skogsbylasseträffen i Kall arrangert i 10 år framover.
Mange venner medverka i konsertane, norske og svenske. Alt dette er rikt dokumentert i tekst og bilder.

Mykje heider
På livsvegen opplevde han mykje heider. I 1994 blei han som den første på munnspel tildelt Zornmedalken i gull. Frå juryen blei det uttala ”För traditionsrikt virtuos och mästerligt spel på munnspel av låtar från Jämtland.”
Han etterlet seg mange gode komposisjonar og var heldigvis ein flittig gjest i platestudio. Slik kan nye generasjonar få direkte innblikk i den medrivande spelestilen som var så typisk. Det blir ikkje kjedeleg musikk når Skogsby-Lasse spelar opp.
Til støtte for unge musikarar er det også oppretta minnesfond.

Kulturelt livsverk
Det var eit stort kulturelt livsverk som var til ende då han døydde i november 2008.
Vi kan slutte oss til Åke Bengtzon sine minneord: ”Ett munspel har tystnat,men tonerna kommer för lång tid framöver ännu att ljuda innom våra sinnen”.
Bildet av Skogsby-Lasse blir ikkje komplett utan den kjære familien blir nemnt. Kona Selma som døydde tid-legare karakteriserte han som ei drivkraft som inspirerte til å stille opp. Sonen Thor var med både som musikar og sjåfør.

Dikts form
Det må leggast til at han var ein skrivande mann som kunne uttrykke seg i dikts form om aktuelle saker i tida. Fleire av tekstane har fått plass i boka.
Han var i unge år skogsarbeidar inntil helsa ikkje heldt lenger til det harde arbeidet. Men spelemann var han livet ut, til glede for så mange.
Vi minnast mange fine pratstunder ute på festivalar og i telefonen, brev og helsinger.

Takk til Åke Bengtzon som har teke ansvaret og arbeidet med å dokumentere den unike spelemannen som utførte så stor kulturell gjerne.

Legg igjen en kommentar