Publisert Legg igjen en kommentar

50 slåttar etter storspelemannen Peter L. Rypdal i nytt album

Då journalisten Kjell Opsal besøkte Rypdal-familien og 50 års jubilanten Peter L. i 1959, inspirerte det til tittelen ”Stova full av musikk…” i Romsdal Folkeblad. Bildet understrekar at så var tilfelle. Peter står bak med fela og borna er frå venstre Svanhild, Jostein, Liv Haldis, Asbjørg og Asle. Liv Haldis er gift Kvernberg, busett i Elnesvågen. Frå denne heimen har det kome to av landets mest kjende musikarar, Ola og Jorun Marie. (Foto: Kjell Opsal)

Peter L. Rypdal (1909-1988) i Tresfjord var ein av dei store i spelemannsmiljøet og kunne hevde seg i nasjonal samanheng både som komponist og spelemann. Sigbjørn Bernhoft Osa brukte av Rypdal sin musikk både på turnear og plater.

No har barnebarnet Jorun Marie Rypdal Kvernberg samla melodiane han skapte i eit flott notealbum.

NA – KJELL OPSAL

Eit 50-tal melodiar har fått plass i samlinga der godt halvparten er komposisjonar av Peter L. Dei andre melodiane er slike han hadde på repertoaret, dei fleste frå Tresfjord, etter andre spelemenn i bygda.

Eindel av musikken er utgitt tidlegare av Romsdals Spelemannslag, men dette er første gong dei er samla i eitt album.

Brudemarsjen mest kjend

I tillegg til notemateriellet er det teke med fleire artiklar og om bakgrunnen for eindel av komposisjonane.

Den mest kjende melodien er utvilsomt brudemarsjen ”Eit sumarbrudlaup” – tileigna Anne Marie og Henry Vike som gifte seg i 1959. Den er blitt brukt over heile landet, eit vakkert tonestykke som har stått seg til i dag.

Rikskjendis: Jorun Marie Rypdal Kvernberg heidrar bestefaren sitt minne ved å ha samla musikken hans i eit nytt og informativt notealbum.

Også klassisk musikk

Peter L. Rypdal hadde som så mange talent i sin generasjon ikkje høve til å dyrke musikken anna enn på fritida. Saman med familien dreiv han garden og arbeidde i tillegg som vegvaktar.

Med dei rike tradisjonane i Tresfjord var det naturlegvis slåttemusikken som mest prega repertoaret. Men han var ikkje framand for den klassiske toneskatten. Den fekk han dyrke bl.a. i Fellesorkesteret der Henry Vike var dirigent og Jens Synnes konsertmeister.

Men av notesamlinga ser vi at Peter også komponerte i klassisk stil.

Musikk frå bygda

Mange av titlane representerer også bygdahistorie der fleire namn stig fram, musikkfanejunker Jakob Rypdal, Nils Kjøpstad (ein av dei mest kjende – spelte klarinett), halling og springdans etter Jakob Kjersem, Olavs heimkomsthelsing, den siste ein vals tileigna Olav Skeidsvoll (1905-2000). Han kom heim frå Amerika i 1931/32  der bygdefolk laga ei tilstelling for å feire velkomsten. Og Peter L. Rypdal komponerte festvalsen.

Utgjevinga av notealbumet ”Vegvakteren” er kulturhistorie på sitt beste. God musikk prega av kvalitet og tradisjon blir gjort tilgjengeleg for nye generasjonar.

Legg igjen en kommentar