Publisert Legg igjen en kommentar

Meister tolkar meister på ny CD

Publisert 22. februar 2021 – NORILDAVISA: Kjell Opsal

Det er heldigvis ikkje slutt på CD-platene – ikkje minst med tanke på fysisk dokumentasjon av musikalske skattar.

FOTO: Christian Liebak – her med pianospel, fotografert på 30-talet.

Takka vere ein entusiast som Håvard Svendsrud (f. 1974) har vi fått i hende eit nyinnspela produkt med musikk som har minst ein hundreårig tradisjon: Komposisjonar av norske Christian Liebak (1892-1980).
Han kunne elles gått rett i gløymeboka både som musikar, komponist og forfattar av læremateriell.
Det ville også vere heilt ufortent for denne virtuosen som i si tid var musikalsk leiar av «Kristiania Trækspilorkester», i 1916!
15 gyldne spor er samla på den nye CD-produksjon der kjente hits er med som marsjen ”Farvel Syd Georgia” og ”Orfeum Intermezzo” – i duett med Øivind Farmen. Øvrige melodiar er solistisk framført.

Christian Liebak skapte musikk som viser kva gull som finst i den historiske trekkspeltradisjonen.
Det som er fint med denne produksjonen at den så fint framhever eksempel på all den nydelege og verdfulle musikken som kan vere tilgjengeleg. Men den må brukast og takast fram og haldast i hevd, tenk på den hundreårige wienermusikken, fransk trekkspel som identifiserer eit stort rike, country, operaarier som lever sitt liv gjennom nye tolkninger, visetradisjonen, marsjane – Sousa og alle dei andre, gammaldansen, nyskaparane innan pop og klassiske kategoriar.
I alt dette mylderet stig det fram musikarar og komponistar frå til dels fjerne tider som så absolutt høyrer til i samtid og framtid og som ikkje må skuslast vekk.
Christian Liebak var ein av dei største på sitt område og etterlet seg ei kulturgjerning som Håvard Svendsrud gjennom sine nye tolkninger yter rettferd.

Han er blant dagens fremste som greier å kombinere dei enkle og tydelege melodilinjene med virtuose uttrykk. Slik gir han lytteren opplevinger av tidlaus kunst, rytmiske marsjar og polkamelodiar, melodiøse valsar, konsertmasurka og ein real vals som ”Hilsen til gammeldansens venner” – tileigna Sandefjord.
Dette er trekkspelmusikk på sitt beste med ”underhaldningsmusikk” som supplerande deklarasjon.
I finalenummeret, duetten Orfeum Intermezzo, stiller Øivind Farmen som den perfekte partnar – som også har vore produsent.
Eit informativt innleggshefte gjer sitt til å heve produktet ”Accordion Souvenir” utgitt på Aksent –plateselskapet som Håvard Svendsrud fører vidare etter Kåre Korneliussen.
Han har også ei livsoppgåve å arbeide for fleire slik produksjonar som tek ”gammal” musikk fram i nytt lys.

Legg igjen en kommentar