Publisert Legg igjen en kommentar

”Gagneglød” i tekst og tonar med Knut Buen og Håvard Svendsrud på ny CD

Knut Buen med fela og Håvard Svendsrud er eit lukkekast av ein kombinasjon. Dei er ofte ute på vegen og gler sitt publikum med sin heilt spesielle konsertar.

Her levandegjer dei ikkje berre den tradisjonelle folkemusikken, men har på ei ny CD-plate vist eit kvalitetssterkt samarbeid. Det gjeld både for framføring og komposisjonar skapt av dei to.

Knut Buen har ordet i si makt og les stemningsfullt fleire av sine dikt.

Bildekunstnaren Tone Buen løfter produksjon med sine nasjonalromantisk inspirerte illustrasjonar til innleggskortet.

Her smelter alle dei elementa saman til ein naturleg heilskap og gjer heile produktet til ei sann nyting.

I tider der vi gjennom snart alle kanalar blir overdynga med alle kategorier inntrykk, er det godt å stoppe opp ved genuint meisterspel.

Slik er denne produksjonen som eit gullkanta smykke presentert av to av våre fremste kunstnarar utrusta med nettopp den gløden som skal til for å skape eit slikt resultat.

Knut Buen (f. 1948) er ein høgt profilert folkekunstnar – som også kan målbinde sitt publikum både verbalt og med fela.

Håvard Svendsrud (f. 1974) er av tidas fremste virtuosar på trekkspelet med imponerande breidde over repertoaret.

Det er til å gle seg over at vi kan få oppleve slik nyskapande folkekunst – som kan stå seg godt for lange tider.

Ørskog 31. august 2021 – Kjell Opsal/Norild

Legg igjen en kommentar