Publisert Legg igjen en kommentar

Kristina – prisvinnar frå Tennfjord

Etter koronapause for Fjelljomfestivalen i fjor kunne endeleg Spelemannslaget Fjelljom i Stryn be inn til den sjuande i rekkja fyrste helga i oktober i år. Som vanleg hadde festivalen ei fin blanding av konsertar og kurs, og  endeleg fekk publikum friske opp att dansekunstane. Festivalen har satsa på korte inspirasjonskurs. Og dei som sytte for inspirasjon denne gongen var Britt Pernille Frøholm på hardingfele, Kari Grøsland på fele, Einar Eimhjellen med munnspel, Malin Alander i song og Kristina Farstad Bjørdal og Håvard Svendsrud på trekkspel.

Fredagskvelden stod i trekkspelet sitt teikn med ein storveges solokonsert av Håvard Svendsrud som tok føre seg trekkspelet si historie. Og etterpå vart det svingom til frisk trekkspelmusikk frå trioen Håvard Svendsrud, Kristina Farstad Bjørdal og Marius Berglund. Laurdag på dagtid heldt Spelemannslaget Fjelljom og fleire solistar temakonsert om Fel-Jakup som vart fødd i Skjåk for 200 år sidan og som likte seg godt i Nordfjord og på Sunnmøre. Ola Grøsland hadde teke turen frå Vågå og stod for glimrande forteljing. Festivalen vart avslutta med festkveld i ungdomshuset Fjellvarden der både Fjelljom og medlemer frå Fjordane og Møre munnspellag sytte for dansemusikk etter ein flott konsert med mange artistar  og stor spennvidde.

Eit av høgdepunkta på festkvelden var utdelinga av Bolstadprisen. Den er ei vidareføring av Emil Bolstads legat som vart skipa i 1991 med hovudføremål å gje stipend for utdanning til unge musikarar i Stryn som vil vidareføre Per Bolstad sin musikktradisjon. I 2018 vart legatet avslutta og midlane overført til den nyoppretta Bolstadprisen som Spelemannslaget Fjelljom har ansvaret for. Det geografiske området er ikkje lenger avgrensa til Stryn, og i føresegnene står at «mottakaren må ha synt både interesse for og dugleik i vidareføring av folkemusikken og folkedansen generelt og gjerne innan tradisjonen frå Bolstadmusikarane.» Bolstadprisen er tidlegare tildelt dei unge felespelarane Eli Fridtun Vereide (2018) og Åsmund Arnesen Farstad (2019).

Årets verdige prismottakar Kristina Farstad Bjørdal hadde utruleg nok ikkje fått mistanke om kva ho skulle oppleve denne kvelden før prisutdelar Håvard Svendsrud kalla henne opp på scena for å ta imot diplom og gåvesjekk på 20 000 kroner. I talen sin sa Svendsrud mellom anna at ho har markert seg som ein av sin generasjons mest aktive og sindige utøvarar på trekksepl, også til inspirasjon for veldig mange. Prisvinnaren vart tydeleg rørt og sa at «dette var ekstremt uventa og utruleg stas. Per Bolstad sin musikk har betydd noko spesielt heile livet.» Og her kan vi legge til at ho nær sagt frå fødselen fekk høyre far sin framføre Per Bolstad sin musikk meisterleg på trekkspel. Ho har no fullført utdanninga på NMH og satsar på frilanslivet. Vi ynskjer hjarteleg til lukke med prisen og vonar og trur ho vil inspirere til rekruttering for trekkspelet og vidareføring av tradisjonsmusikken.

Arne M. Sølvberg

Legg igjen en kommentar