Publisert Legg igjen en kommentar

Øivind Farmen – ny CD med klassisk solospel

Det er alltid gledeleg når ein av dei unge toppane på trekkspel kan høyrast på konsertar eller sjeldnare, på CD-plate.

Det siste har han gjort noko med – på ny CD framførar han solo av sitt klassiske favorittrepertoar.

Her er Mozarts nydelege Sonate i D-dur, Scarlattis Sonata i F moll i strålande tolkning og Bachs Fantasia i C moll.

Evig musikk som kjem til sin gode rett på trekkspel. Det er blitt sagt at hadde Mozart levd i dag ville han ha spela trekkspel…

Samtidskomponistar som tyske Jürgen Ganzer, norske Morten Gaathaug og Ronny Kjøsen viser at det stadig blir skapt ny og verdfull musikk.

I dette gode utvalet høyrer også «Hannahs lykkelige dag», komponert til dottera.

Når Øivind Farmen gir oss desse innspelingane, er det vakkert å lytte til, virtuost og ei stadfesting at  det er ein av dei fremste av dagens unge  som trakterer dette mangesidige instrumentet.

Det bør ikkje gå 11 år til neste plate.

(Minner samtidig om at Øivind turnerer flittig landet rundt – blant anna saman med Håvard Svendsrud).

Kjell Opsal

Legg igjen en kommentar