Publisert Legg igjen en kommentar

Populært arrangement med topp musikk: Ungdomsgenerasjonen har innteke Skei-treffen!

I 1974 – for snart 50 år sidan (!) blei første Skei-treffen arrangert på Skei gjekk saman med Førde trekkspelklubb  Hotel. Hotelldirektør og eldsjel Jon Skrede inviterte til alle tiders trekkspelsamling.

Tekst og foto: Kjell Opsal

Siste helga i oktober var det (etter korona-opphald) på nytt tid for samling av trekkspelfolket.

Etter at Jon Skrede døydde tidlegare i år, var det nye og unge krefter som tok hand om arrangementet, Elias Eide og Emil Horstad saman med Osterøy trekkspelklubb.

Artistlista viste også at ein ny trekkspelgenerasjon går inn i rekkene etter veteranane.

Oppstart fredags kveld 29. oktober med konsert og dans. Kurs ved Marius Berglund først på laurdagen. Seinare på dagen meisterkonsert med unge krefter og så dans med massevis av virtuos speling. Eller kva anna skal ein seie når Håvard Svendsrud og Øivind Farmen overraskande stilte på scena og laga ei storoppleving til dansande og lyttande sin store fryd!

Hovudkonserten laurdag verkeleg spesiell i ordets beste tyding.

Ei gruppe unge musikarar presenterte eit program i tekst og tonar som må stå til terningkast seks.

Det var folkemusikaren Ingeborg Sommer (28) som med fela framførte musikk frå den rike tradisjonen i Rørostraktene. Og det var trekkspelarane Kristina Bjørdal Farstad (31) og Marius Berglund (28) frå Sunnmøre, pluss islandske Åsta Soffia Torgeirsdotter (26).

Innleiingsvis fekk vi ei nydeleg tolkning av Ørskog-spelemannen Jens Synnes sin brudemarsj «Med syljor og stas».  Meir sunnmørsk lokalmusikk fylgde med Springdans frå Nordre Sunnmøre.

Marius Berglund er meister på toradaren og baud påTom Kjetil Tørstad sin forrykande polka «Spinnvillen».

Elias Eide og Emil Horstad – representantar for ein ny generasjon – i spissen for Skei-Treffen, ønsker vel møtt til eit arrangementet med mykje flott musikk. Bak på scena fiolinisten Ingeborg Sommer frå Røros, Kristina Farstad Bjørdal og Åsta Soffia Torgeirsdottir.

Inn i mellom fekk vi vite litt om bakgrunnen for musikken, slik som Jo Asgeir Lie sin krevande polka «Svenneprøva». Her skal ein verkeleg ha fingrane med seg!

I den klassiske retninga kom to satsar frå Holberg-suiten av Edvard Grieg pluss Bach og russiske tonar.

I den kjente trekkspelstilen  var både Deiro og Frosini representert, konsertvalsen «Elvira» og Jolly Caballeiro. På same lista stod eitt av Arnstein Johansen sine meisterstykke, «Fredag den 13.».

Ingeborg Sommer kan ause av rike tradisjonar, blant anna ein pols etter Peder Nyhus.

Det blei spelt springdans av Jens Synnes og etter at vi fekk høyre treffets signaturmelodi, «Minner frå Jølster» av Henry Haagenrud, var det tid for ståande applaus.

Til dansen heldt musikken kvalitetar til både å lytte og danse til.

Når John Oddvar Kandal frå Breim spelar opp saman med Helene Myklemyr Bolstad, blir det verkeleg sus over musikken der også Per Bolstad står på repertoaret.

Først til å by publikum inn på dansegolvet var Norsk Fjordorkester frå Sunnmøre og Romsdal med både svenske og norske tonar. Saman med Kristina, Ingeborg, Marius og Asta Soffie spelar i orkesteret Inga Villa,  Øystein Mjøs, Reidar Opsal og Bernt Hansen på bassen.

Flott dansemusikk også med Arne Kleiveland og trio – sjarmerande sjømannssang attåt!

Sjølvsagt var Osterøy trekkspelklubb med og skapte fin stemning

Hotellet (no Thon) – er ein triveleg stad for eit slikt treff. God mat og bra på alle måtar.

Ideelt for buskspel og myldring. Lett tilkomst og komfortabelt.

Trekkspeltonane kom oss i møte ved ankomst på fredags ettermiddag og konserten utpå kvelden heldt alle kvalitetar.

Ein av dei unge drivkreftene, Elias Eide, seier til Norildavisa at det sikkert nok blir nytt treff neste år.

Henry Haagenrud var i mange år nært knytt til Skei-treffen. Tradisjonen tru blei den vakre valsen «Minner frå Jølster» brukt i finalen under minikonserten på søndags ettermiddag.

Legg igjen en kommentar