Publisert Legg igjen en kommentar

Anders Sørensen – elev av Ole Bull, verdig CD-plate til 200 års minnet

Tolker Anders Sørensens musikk: Arvid Engegård (bak til venstre), Mari Lerseth og Svein Haugen. Framme til venstre Håvard Svendsrud, Bente Midtsveen og Rolf Erik Syversen – den legendariske gitaristen. Han døydde kort tid etter desse innspelingane.

Publisert 16. november 2021: Til 200 års minnet for Anders Sørensens fødsel har plateselskapet Aksent utgitt eit dobbelt-CD album.

Komposisjonane blir framført av Håvard Svendsrud, trekkspel, Arvid Engegård, fiolin, Svein Haugen, bass, Bente Midtsveen, trekkspel, Mari Lerseth, fiolin og Rolf Erik Syversen, gitar.

Anders Sørensen vart fødd 14. november 1821 på husmannsplassen Løvlien i Romedal.

Han var ein meister på fele, men blei aldri nokon rik mann. Tente han penger på spelinga gav han dei gjerne til dei han meinte som trongde meir.

Han spelte for fattig og rik  – og som han sjølv sa, «eg har spela for tre kongar og ein keisar».

På plakaten kunne han titulere seg som «elev av Ole Bull».

Jubileumsalbumet gir ein sterk dokumentasjon av kvaliteten i musikken han skapte.

Og vi kan vanskeleg tenke oss eit ensemble som kan gi betre tolkninger.

Ein solid bonus er det fyldige innleggskortet der Håvard Svendsrud fortel om både sitt personlege forhold til musikken og om eit spelemannsliv i fattige kår på landevegen.

For Anders Sørensen var musikken alt. Spelte gjorde han til sin siste dag, 16. februar 1896.

Hedemarksmusikken representerer ein storslagen norsk kulturskatt. I nyare tid er den også glimrande tolka av gammaldansgruppa Over Stok og Steen, Anders Grøthe og fleire.

Til dei 35 nyinnspelingane har Håvard Svendsrud samla medspelarar som evner å yte rettferdig til den store slåttekomponisten. Fynd og klem over musikken, men ikkje overarrangert. Slik er dette blitt rett gammaldans som kan fungere både i konsertsal og for dansegolv.

Hedemark – Østerdalen har fostra mange store spelemenn og komponistar, som Oluf Melvold, Severin Jevnaker, Daniel Sæther, Lars Hollo og Anders Sørensen som ofte blir rekna som den største. Men musikken dei alle skapte har kvalitetar som har hatt levetid langt utover komponistane sine eigne liv. 

Per Bolstad høyrer på mange måtar med i same slektsskapet, norsk musikk ofte inspirert av europeisk populærmusikk i samtida.

Dei suverent mest kjende melodiane er «Den ubemerkte» – oftast kalla «Sørensens vals» og «Hilsen til Hamar» – altså på folkemunne «Sørensens reinlender».

Særleg den siste har standard for grupper som har hatt gammaldans på repertoaret.

Men dette er berre to av 35 komposisjonar. Galoppen «Hjemreisen fra Grundset» er ein fulltreffar saman med fleire nydelege valsar («Et farvel», Nyttaarshilsen», m.fl.)

Det er tonat frå farne tider, polka og fandango, masurka, menutt og firetur…

Håvard Svendsrud har vidareført Kåre Korneliussens plateselskap Aksent, og heidrar den store trekkspelaren sitt minne ved innspelinger av det beste frå trekkspelrepertoaret og tradisjonsmusikken. Det er ei omfattande kulturoppgåve for å sikre varig vern av nasjonale toneskattar.

Det ville ha vore synd og skam dersom det Anders Sørensen etterlet seg skulle gå til spille.

Stor heider til alle medverkande for å ha reist eit sterkt minne over ein av musikkens store personlegdomar.

Kjell Opsal 

Legg igjen en kommentar