Publisert Legg igjen en kommentar

Fylte kulturhuset med allsong

Avslutningsnummeret «Bedre og bedre dag for dag» med Ørskog Allspelorkester, Øss’n og solistane f.v. Liv Birgit Holseter, Astrid Hildre, Janne Iren Holseter, Odd Arne Halaas, Stephanie Lippert, Eli Cathrine Kjersem og Øystein Vestre – som også var programleiar.

Publikum frå nær og fjern fylte kulturhuset på Sjøholt til randen då Ørskog Allspelorkester arrangerte allsangkonsert søndag ettermiddag.

TEKST OG FOTO: EDMUND MELKILD

Sterke song- og musikkrefter både frå Sunnmøre og Romsdal var foreinte då Ørskog Allspelorkester med kapellmeister Daniel Falcon Græsdal inviterte til allsang i kulturhuset.
Odd Arne Halås, titulert som «Nordmøres Jan Høiland», opna med «Tio tusen røda rosor», og deretter følgde den eine kjente slageren etter den andre. Dei som ikkje var heilt sikre på teksten kunne følgje med på storskjerm, så det var inga unnskyldning for ikkje å synge med.

Ørskog Allspelorkester. Bak f.v. Roger Oksavik, Roy Sæbø, Miguel Falcon Græsdal, Reidar Opsal, Karin Myhre Sylte, Sofie Berge, Terje Giske, Martine B. Opsal, Arve Sæbø, Roe Skavnes, Reidar Hovden og Svein Solheim. Framme f.v. Harald Fylling, Ivar Arne Storsæter, Daniel Falcon Græsdal, Kjell Opsal og Benjamin B. Opsal.

Svensk
I slagerkonsertar som dette blir det gjerne mykje kjent svensk musikk. Allspelorkesteret hadde alliert seg med Stephanie Lippert, svensk operasongar som har emigrert til Tomrefjord. Ho var med å løfte arrangementet, både som solist og i duo med Odd Arne Halås.

Storblåsarar
Også Ørskog Storblåsarsamband og dirigent Marianne Hafsås var med, i samspel med allspelorkesteret. Blant anna med Roger Millers udødelege «King of the Road». Naturleg nok utan allsong, men som programleiar Øystein Vestre sa: – Av og til er det godt å berre bruke øyrene også.

Balladar og polka
Det var mange høgdepunkt ein i frisk og sprudlande konsert, men for nokre var det kanskje Cornelis Vreeswijk sin lett melankolske «Balladen om herr Fredrik Åkare och den söta fröken Cecilia Lind» med Stephanie Lippert som stod fram.
Også eit par av Benny Anderssons nyare komposisjonar vart framført. Og Hans Rotmos «Dansen på Nedre Elvehavn».

Kjekt å fylle huset
Kapellmeister Daniel Falcon Græsdal sa det kjentest godt å kunne fylle kulturhuset igjen. Det har blitt mange avlyste og utsette arrangement dei siste to åra. Men det var ei opning mellom «delta» og «omikron» sist haust som vi greidde å utnytte. Det neste blir Fredskonserten i mai, sa Græsdal.

Som ein viktig del av arrangementet må også Ørskog Bygdekvinnelag nemnast. Dei stilte med utsøkte kaker og nytrekt kaffi i pausen.

Ørskog Storblåsarsamband. Bak f.v. dirigent Marianne Hafsaas, Kari Wenche Lid, Berith Sylte, Ann Mari Abelvik, Agnetha Astrup, Ingrid Daniloff Svensen, Per Runar Krogsæter. Framme f.v. Randi Otnes, Kristin Torine Amdam, Sylvi Sjøholt, Monica Jacobsen, Ireen E. Sjøholt, Ingar Valbø og Arnljot Lande. Trommeslager Øyvind Tennfjord var ikkje tilstades då biletet vart teke.
Legg igjen en kommentar