Publisert Legg igjen en kommentar

Rolf Erik Syversen er død

Den legendariske gitaristen Rolf Erik Syversen er død 79 år gammal. Han var med i NRK allereie på 1950-talet og var aktiv musikar fram til sin død.

I seinare år blei han ofte møtt med spørsmålet «er du den verkelege Rolf Erik Syversen?».

Nye generasjonar hadde kome til og i musikkmiljøet var han kjend av alle.

Han spelte med Arnt Haugens orkester i «Husker du?», med Steinar Bottens orkester på Dovre og mange fleire. I seinare år hadde han nært samarbeid med Håvard Svendsrud med konsertar rundt i landet.

Publisert Legg igjen en kommentar

Kristina – prisvinnar frå Tennfjord

Etter koronapause for Fjelljomfestivalen i fjor kunne endeleg Spelemannslaget Fjelljom i Stryn be inn til den sjuande i rekkja fyrste helga i oktober i år. Som vanleg hadde festivalen ei fin blanding av konsertar og kurs, og  endeleg fekk publikum friske opp att dansekunstane. Festivalen har satsa på korte inspirasjonskurs. Og dei som sytte for inspirasjon denne gongen var Britt Pernille Frøholm på hardingfele, Kari Grøsland på fele, Einar Eimhjellen med munnspel, Malin Alander i song og Kristina Farstad Bjørdal og Håvard Svendsrud på trekkspel.

Fredagskvelden stod i trekkspelet sitt teikn med ein storveges solokonsert av Håvard Svendsrud som tok føre seg trekkspelet si historie. Og etterpå vart det svingom til frisk trekkspelmusikk frå trioen Håvard Svendsrud, Kristina Farstad Bjørdal og Marius Berglund. Laurdag på dagtid heldt Spelemannslaget Fjelljom og fleire solistar temakonsert om Fel-Jakup som vart fødd i Skjåk for 200 år sidan og som likte seg godt i Nordfjord og på Sunnmøre. Ola Grøsland hadde teke turen frå Vågå og stod for glimrande forteljing. Festivalen vart avslutta med festkveld i ungdomshuset Fjellvarden der både Fjelljom og medlemer frå Fjordane og Møre munnspellag sytte for dansemusikk etter ein flott konsert med mange artistar  og stor spennvidde.

Eit av høgdepunkta på festkvelden var utdelinga av Bolstadprisen. Den er ei vidareføring av Emil Bolstads legat som vart skipa i 1991 med hovudføremål å gje stipend for utdanning til unge musikarar i Stryn som vil vidareføre Per Bolstad sin musikktradisjon. I 2018 vart legatet avslutta og midlane overført til den nyoppretta Bolstadprisen som Spelemannslaget Fjelljom har ansvaret for. Det geografiske området er ikkje lenger avgrensa til Stryn, og i føresegnene står at «mottakaren må ha synt både interesse for og dugleik i vidareføring av folkemusikken og folkedansen generelt og gjerne innan tradisjonen frå Bolstadmusikarane.» Bolstadprisen er tidlegare tildelt dei unge felespelarane Eli Fridtun Vereide (2018) og Åsmund Arnesen Farstad (2019).

Årets verdige prismottakar Kristina Farstad Bjørdal hadde utruleg nok ikkje fått mistanke om kva ho skulle oppleve denne kvelden før prisutdelar Håvard Svendsrud kalla henne opp på scena for å ta imot diplom og gåvesjekk på 20 000 kroner. I talen sin sa Svendsrud mellom anna at ho har markert seg som ein av sin generasjons mest aktive og sindige utøvarar på trekksepl, også til inspirasjon for veldig mange. Prisvinnaren vart tydeleg rørt og sa at «dette var ekstremt uventa og utruleg stas. Per Bolstad sin musikk har betydd noko spesielt heile livet.» Og her kan vi legge til at ho nær sagt frå fødselen fekk høyre far sin framføre Per Bolstad sin musikk meisterleg på trekkspel. Ho har no fullført utdanninga på NMH og satsar på frilanslivet. Vi ynskjer hjarteleg til lukke med prisen og vonar og trur ho vil inspirere til rekruttering for trekkspelet og vidareføring av tradisjonsmusikken.

Arne M. Sølvberg

Publisert Legg igjen en kommentar

Lennart Wärmell er død

Den svenske trekkspelmeisteren Lennart Wärmell døde 1. oktober nær 94 år gammal.
Frå 40-talet var han ein av dei mest profilerte blant nordiske trekkspelarar. Han var leiar for Accordion Club i Stockholm i over 50 år.
Han hadde sitt eige orkester med langvarige engasjement på Gröna Lund og turnerte land og rike rundt. Blant anna var han akkompagnatør til Harry Brandelius og spelte saman med Ebbe Jularbo.
Saman med fru Liz dreiv han plate- og noteselskap og skreiv læreverk for trekkspel.
Med åra blei det eit stort tal plateproduksjonar og komposisjonar av populærmusikk. Også som arrangør stod han for eit omfattande arbeid.
Lennart Wärmell var ofte i Norge og hadde tett samarbeid med Norilds Musikk som også publiserte hans artiklar om eit lang liv i musikken teneste.
Næraste sørgande er hans kone Liz.

Publisert Legg igjen en kommentar

Arnstein Moen er død

Publisert: 22. april 2021:
Leiaren for gammaldansgruppa Arnsteins – Arnstein Moen, døde onsdag 21. april 72 år gammal.
Han var ein dyktig trekkspelar og vokalist med gammaldans og folkemusikk som spesialitet.


Arnsteins var så populær ute i folket at den kunne konkurrere med tidas popgrupper til både underhaldning og dans.
Det vart også danna fanklubb og mange reiste lange vegar for å høyre gruppa spele.
Dei mange innspelingane på LP, MC og CD, fekk eit stort publikum.

Arnstein Moen kjende vi som ein likandes kar som det alltid var triveleg å møte.
I mange år var han programleiar under Belgspelet i Ransäter.
For den nordiske tradisjonsmusikken er det eit stort tap at han no har gått bort.

Norilds – Kjell, Reidar og Knut Oscar

Publisert Legg igjen en kommentar

Dette skjer med Landskappleiken og Landsfestivalen

NA – KJELL OPSAL – Publisert 30.3.21

Ingen kappleik eller landsfestival i år, men frå 2022 skal det skje!

2022: Vågå – Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Arr.: Vågå trekkspelklubb.
2022: Rjukan – Landskappleiken. Arr.: Tinn spelemannslag, Falkeriset folkemusikklag, Gransherad spel- og dansarlag og Seljord folkemusikklag.
2023: Førde – Landsfestivalen. Arr.: Indre Sunnfjord spelemannslag.
2023: Lom – Landskappleiken. Arr.: Lom spel- og dansarlag.
2024: Åndalsnes – Landsfestivalen. Arr.: Møre og Romsdal folkemusikklag.
2024: Gol – Landskappleiken. Arr.: Gol spel- og dansarlag, og Ål spel- og dansarlag.
2025: Eidfjord – Landskappleiken. Arr.: Hardanger spelemannslag.

Det er første gongen Landsfestivalen blir arrangert på Åndalsnes. Det er eit distrikt med gode tradisjonar, Rauma spelemannslag, trekkspelarar og heimstaden til Trekkspelets Myllargut, Ole Wenge (1898 – 1983)

Det er ikkje avklara kvar Landsfestivalen blir arrangert i 2025.


Publisert Legg igjen en kommentar

Fläcke og Jularbo-Brauner på Radio Viking

Tirsdag 2. mars 2021 kl. 15.00 skal Nils Fläcke og Lena Jularbo-Brauner spille musikk og fortelle gode historier på den svenske Radio Viking 101,4 mhz. Kanalen sender også via nettet (søk på Radio Viking), slik at alle utenfor Stockholm også kan få høre sendingen.
– Vi kommer til å spille mye trekkspillmusikk, variert både fra Sverige, Norge og Danmark, forteller Lena Jularbo-Brauner til Norildavisa. Vi har funnet en innspilling med Jens Book-Jensen med Jularbo på komp, den skal selvfølgelig være med!
Videre lover Jularbo-Brauner at selv om pandemien setter en stopper for festivaler og konserter, så kommer Jularbos Vänner til å sørge for flere minnerike opptredener på nettet i løpet av året. Neste blir 6. juni i Avesta.

Publisert Legg igjen en kommentar

Meister tolkar meister på ny CD

Publisert 22. februar 2021 – NORILDAVISA: Kjell Opsal

Det er heldigvis ikkje slutt på CD-platene – ikkje minst med tanke på fysisk dokumentasjon av musikalske skattar.

FOTO: Christian Liebak – her med pianospel, fotografert på 30-talet.

Takka vere ein entusiast som Håvard Svendsrud (f. 1974) har vi fått i hende eit nyinnspela produkt med musikk som har minst ein hundreårig tradisjon: Komposisjonar av norske Christian Liebak (1892-1980).
Han kunne elles gått rett i gløymeboka både som musikar, komponist og forfattar av læremateriell.
Det ville også vere heilt ufortent for denne virtuosen som i si tid var musikalsk leiar av “Kristiania Trækspilorkester”, i 1916!
15 gyldne spor er samla på den nye CD-produksjon der kjente hits er med som marsjen ”Farvel Syd Georgia” og ”Orfeum Intermezzo” – i duett med Øivind Farmen. Øvrige melodiar er solistisk framført.

Christian Liebak skapte musikk som viser kva gull som finst i den historiske trekkspeltradisjonen.
Det som er fint med denne produksjonen at den så fint framhever eksempel på all den nydelege og verdfulle musikken som kan vere tilgjengeleg. Men den må brukast og takast fram og haldast i hevd, tenk på den hundreårige wienermusikken, fransk trekkspel som identifiserer eit stort rike, country, operaarier som lever sitt liv gjennom nye tolkninger, visetradisjonen, marsjane – Sousa og alle dei andre, gammaldansen, nyskaparane innan pop og klassiske kategoriar.
I alt dette mylderet stig det fram musikarar og komponistar frå til dels fjerne tider som så absolutt høyrer til i samtid og framtid og som ikkje må skuslast vekk.
Christian Liebak var ein av dei største på sitt område og etterlet seg ei kulturgjerning som Håvard Svendsrud gjennom sine nye tolkninger yter rettferd.

Han er blant dagens fremste som greier å kombinere dei enkle og tydelege melodilinjene med virtuose uttrykk. Slik gir han lytteren opplevinger av tidlaus kunst, rytmiske marsjar og polkamelodiar, melodiøse valsar, konsertmasurka og ein real vals som ”Hilsen til gammeldansens venner” – tileigna Sandefjord.
Dette er trekkspelmusikk på sitt beste med ”underhaldningsmusikk” som supplerande deklarasjon.
I finalenummeret, duetten Orfeum Intermezzo, stiller Øivind Farmen som den perfekte partnar – som også har vore produsent.
Eit informativt innleggshefte gjer sitt til å heve produktet ”Accordion Souvenir” utgitt på Aksent –plateselskapet som Håvard Svendsrud fører vidare etter Kåre Korneliussen.
Han har også ei livsoppgåve å arbeide for fleire slik produksjonar som tek ”gammal” musikk fram i nytt lys.

Publisert Legg igjen en kommentar

Veikko Ahvenainen med Corona-vals

Den finske trekkspill-legenden Veikko Ahvenainen fikk nylig en melodi-idé og har nå komponert “Corona-valsen”!
Han ønsker å dele sin nye vals med flest mulig, og derfor kan Norildavisa nå legge ut noten slik at alle interesserte kan spille denne splitter nye melodien.


Veikko og hans svenske kone Carina måtte i fjor avlyse ca. 70 konserter i Finland og Sverige pga. korona-pandemien. Ettersom ingen vet når verden kan åpnes for konserter, er alt flyttet til slutten av 2021. Under korona-tiden har Veikko komponert og arrangert nye melodier, og en duett-CD sammen med Carina er også på gang!

Veikko har komponert den første delen av den nye Corona-valsen i moll, og den andre delen i dur, som skal gi nytt håp og tro på fremtiden, forteller han.

Oulu Symphony orchestra, string-kvintett, har laget en innspilling av Veikkos “Corona-vals” som finnes på følgende youtube-link:
oulu sinfonia:korona-valssi