Publisert Legg igjen en kommentar

Avlyser Landsfestivalen og Landskappleiken 2021

Heile Vågå trekkspelklubb er samde i at den neste Landsfestivalen i gammaldansmusikk skal verta skikkeleg, og dei ønskjer oss difor alle velkomne til Vågå i 2022, då dei endeleg kan seie «takk for sist!», melder arrangøren i Vågå.
– Vi såg lenge med optimisme fram mot sommaren 2021, men slik situasjonen ser ut no er det ein viss risiko for at ein eventuell festival og kappleik må arrangerast med restriksjonar. Vi veit at både dansarar, publikum og ikkje minst musikarar er sveltefora på å danse saman, konkurrere, og spele til dans. Vi håper og trur likevel at det er forståing for avgjersla, for skal det vera Landsfestival i Vågå så skal det vera skikkeleg!», seier Steinar Løkken i Vågå Trekkspillklubb.

LES MEIR HER

Publisert Legg igjen en kommentar

Lindesnes Trekkspillklubb med ny DVD og to nye CD-plater!

Den kjente trekkspillklubben Lindesnes Trekkspillklubb fra Kristiansand og omegn har under korona-perioden vært svært produktive. To CD-plater og en splitter ny DVD blir gitt ut no i starten av desember!
CD-platene inneholder eviggrønne melodier, både instrumentale og med sang.

På den nye DVD’en «Ein a åkke» blir vi kjent med både medlemmer og tilhengere av Lindesnes Trekkspillklubb. Det er ingen tvil om at trekspillklubben med sine konserter og sin aktivitet, har blitt et kulturelt fenomen som har gledet tusenvis av mennesker.

De får anerkjennelse både nasjonalt og internasjonalt. Men vet de å sette pris på betydningen av dette arbeidet lokalt?

Publisert Legg igjen en kommentar

Einar Eimhjellen heiders-medlem i FolkOrg

Einar Eimhjellen (82) Naustdal er utnemnd til heidersmedlem i FolkOrg (tidlegare Landslaget for spelemenn).

NA – KJELL OPSAL

Han har i alle år (snart 70!) med stor entusiasme stått på for folkemusikken.
Han var med og starta Naustedalen spelemannslag i 1953 og var musikalsk leiar i snart 50 år!
Same oppgåva hadde han i Naustedalen toradargruppe som han tok initiativet til å slutten av 1970-talet.
Frå ”nyare” tid er det mange som kjenner han som pådrivar for munnspelet.
Han har hatt sitt gammaldansorkester, vore med på mange plateinnspelinger, er heidra med Kongens medalje og folkemusikkprisen i Sogn og Fjordane.
Einar har vore aktiv også som utgjevar av folkemusikk, på plater og noter, har turnert i Amerika og vore instruk-tør på kurs.
Lista blir lang når det Einar Eimhjellens virke gjennom livet. Framfor alt er han den smilande og entusiastiske eldsjela som vi gjennom mange år har møtt ute på festivalane.
Ei kraft i folkemusikkmiljøet har fått ei fortent påskjøning.

Publisert Legg igjen en kommentar

Ein jazzens meister, Sture Synnefors – er død

Frå Sverige har vi fått den triste meldinga om at Sture Synnefors er død, 84 år gammal.
Han var fødd 2. juni 1936 og døde 3. oktober 2020.

NA – KJELL OPSAL

Sture var ein av dei fremste trekkspelarane med eit jazzig repertoar som spesialitet. På dette området var han in-ternasjonalt blant dei absolutt fremste.
Han hadde Art van Damme som favoritt, ei beundring som var gjensidig. Den amerikanske meisteren hadde mer-ka seg svensken sine tolkninger av jazz standards.
Sture Synnefors komponerte også ”Tribute to Art van Damme” som han spelte inn på plate med fleire melodiar i 1974. Det var for Lennart Wärmells plateselskap Pyramid Records, seinare ført vidare av Norild.
Innspelingane frå 1974 var vi i Norild hadde gleda av å føre over og gi ut på CD i 2015.
Vi fekk oppleve Sture med orkester i Ransäter der han gjorde suksess i 2007.
Ved anledning snakka vi med han i telefonen og møtte slik ein stor og audmjuk kunstnar.
Vi tok opp spørsmålet om kva han skulle ha i royalties for CD-plata. Svaret kom kontant: ”Når Norild tek kostnaden og gir ut musikken min på nytt, er eg særdeles glad og skal ikkje ha penger for det”!
Han er også representert på samleplater med andre jazzmusikarar.
Sture Synnefors etterlet seg kona gjennom 54 år, Elisabeth, dottera Camilla, svigersonen Patrik, barnebarn og mange venner som han har gleda med musikken gjennom dei mange år.
Gravferda var frå Hammarsby kyrka torsdag 22. oktober.

Publisert Legg igjen en kommentar

2020 – det uvanlege året

Det blei aldri slik vi hadde planlagt for 2020. Dette året har vore det mest uvanlege nokon av oss har opplevd. Stor delar av næringslivet har hatt sine problem, ikkje minst turistbransjen.

NA – KJELL OPSAL (foto: Lena Jularbo-Brauner)

I kulturlivet har det vore tallause avlysinger. Den store dragspelsfesten i Ransäter er berre ein av mange festivalar som ikkje kunne gjennomførast, bl.a. Landsfestivalen i gammaldansmu-sikk og NM på trekkspel på Storefjell.
Men dette er berre litt av toppen på isfjellet. Store og små arrangement, seminar, kurs, o.s.v. er blitt kutta.

Dette har særleg ramma våre profesjonelle utøvarar som har gått frå fulle ordrebøker til kanselleringer av det meste.
Men også alle hobbyspelarane opplever kraftig nedtur ved at lokale opplegg med konsertar og kurs, dels også øvinger, blir innstilt.

Det store spørsmålet dei fleste er opptekne av er kva med 2021?
Vi får mest dagleg slike spørsmål som ”blir det Ransäter”?
Ingen kan svare sikkert, men vi alle lever i håpet om normalisering neste år.

Musikken kan vi alle medvirke til at den lever vidare. Ikkje minst er dette sikra med alle flinke ungdommar – no nyleg har vi 16 år gamle Mathias Rugsveen som eit strålande eksempel.

Nytt: Norildavisa som har halde det gåande i 36 årgangar på papir, blir frå 2021 digitalisert med stoff og annonser. For Norild er det viktig å vere med i tida og delta i den teknologiske utviklinga. Sjå eigen omtale om denne omlegginga.

Publisert Legg igjen en kommentar

Skogsby-Lasse sette munnspelet på folkemusikkartet

Storspelemannen Skogsby-Lasse (1925-2008) har fått si velfortente minnebok. Takk vere Åke Bengtzon i Östersund, kan vi i tekst og bilder følge munnspelvirtuosen liv og virke.

NA – KJELL OPSAL

Det borgarlege namnet Edvard Larsson er neppe kjent blant så mange, men seier vi ”Skogsby-Lasse”, lyser folk opp. Han var ikkje berre ein glitrande god spelemann, men også eit flott menneske som det alltid var ei glede å møte.

Personleg
Han var personleg beskjeden i si framferd. Var ikkje den som stakk seg fram, men tok han fram munnspelet var han synleg for alle.
Vi gløymer aldri der han under Selbufestivalen der han samanmed Røstad-gjengen spelte opp med den forrykande polkaen ”Krimen”. Publikum var heilt i ekstase og jubelen ville ingen ende ta.

Ransäter
Han var populær gjest under Belgiaden i Geiranger og fleire gongar tok han turen til Ransäter til begeistring for eit stort publikum.
Rundt seg har Skogsby-Lasse hatt mange gode venner og støttespelarar både i musikk og organisasjon. Blant des-se er Åke Bengtzon som er ei kjempe i arbeidet for den nordiske musikkskatten.

Unik spelemann
Gjennom boka – 100 sider og stort format, følger vi den unike spelemannen frå heimemiljøet til turnébesøk ute på festivalar og konsertar rundt i Norge og Sverige.
Skogsby-Lasse minnast sjøl ein fattig barndom der han som 9-10 åring søkte arbeid rundt på gardane og spelte munnspel inn i blant.

Rikskjend musikar
Frå gjennombrotsåret som rikskjend musikar, 1976, har han vore populær aktør på tallause scener. Frå 1996 blei Skogsbylasseträffen i Kall arrangert i 10 år framover.
Mange venner medverka i konsertane, norske og svenske. Alt dette er rikt dokumentert i tekst og bilder.

Mykje heider
På livsvegen opplevde han mykje heider. I 1994 blei han som den første på munnspel tildelt Zornmedalken i gull. Frå juryen blei det uttala ”För traditionsrikt virtuos och mästerligt spel på munnspel av låtar från Jämtland.”
Han etterlet seg mange gode komposisjonar og var heldigvis ein flittig gjest i platestudio. Slik kan nye generasjonar få direkte innblikk i den medrivande spelestilen som var så typisk. Det blir ikkje kjedeleg musikk når Skogsby-Lasse spelar opp.
Til støtte for unge musikarar er det også oppretta minnesfond.

Kulturelt livsverk
Det var eit stort kulturelt livsverk som var til ende då han døydde i november 2008.
Vi kan slutte oss til Åke Bengtzon sine minneord: ”Ett munspel har tystnat,men tonerna kommer för lång tid framöver ännu att ljuda innom våra sinnen”.
Bildet av Skogsby-Lasse blir ikkje komplett utan den kjære familien blir nemnt. Kona Selma som døydde tid-legare karakteriserte han som ei drivkraft som inspirerte til å stille opp. Sonen Thor var med både som musikar og sjåfør.

Dikts form
Det må leggast til at han var ein skrivande mann som kunne uttrykke seg i dikts form om aktuelle saker i tida. Fleire av tekstane har fått plass i boka.
Han var i unge år skogsarbeidar inntil helsa ikkje heldt lenger til det harde arbeidet. Men spelemann var han livet ut, til glede for så mange.
Vi minnast mange fine pratstunder ute på festivalar og i telefonen, brev og helsinger.

Takk til Åke Bengtzon som har teke ansvaret og arbeidet med å dokumentere den unike spelemannen som utførte så stor kulturell gjerne.