Publisert Legg igjen en kommentar

Kulturskatt på ny CD: Historisk slåttespel frå Nordfjord

Publisert 21. januar 2022: Slik spelte dei, Jon Rosenlid (1891-1974) og Samuel Bergset (1888-1974), vidgjetne Nordfjord-spelemenn. Takka vere plateselskapet Aksent (Håvard Svendsrud) er musikken deira tilgjengeleg på  CD.

»Historisk slåttespel frå Nordfjord» byd på solospel  der opptaka er frå 1940-60-talet.

Nordfjord har ein rik tradisjon med mange dugande spelemenn.  Rosenlid og Bergset spelte hardingfele og var mellom dei fremste i si tid.

Musikken deira er både leikande lett, melodiøs, vakker, slik den er henta ut i frå livet og miljøet frå meir enn hundre år tilbake.

Kjende namn står som opphav til slåttane, Magne Maurset, Anders Reed, Per Kjellstad…

I tillegg til spelet blir det gitt interessant informasjon der Arne M. Sølvberg (sjølv storspelemann) har vore ein nyttig medarbeidar for plateprosjektet.

Sjølv skriv Svendsrud at musikken på plata er det næraste ein kan kome spelestilen til dei eldste kjeldene i distriktet.

Med god lydkvalitet og heile 34 spor fordelt på dei to spelemennene, går dette produktet inn i vår nasjonale kulturskatt – og som dermed ikkje treng støve ned.

Publisert Legg igjen en kommentar

Landsfestival på Vågå i 2022

Både i 2020 og i 2021 blei det avlysing, men i år blir løpet lagt for landsfestival på Vågå med Vågå trekkspelklubb som arrangør.

I 2023 er det Førde som står for tur. Der er det Indre Sunnfjord spelemannslag som er arrangør.

Åndalsnes er neste stopp for Landsfestivalen, i 2024. Arrangør her er Møre og Romsdal folkemusikklag.

Publisert Legg igjen en kommentar

Ørskog Trekkspelorkester: Konsert utsett til 20. mars

Koronaen sette stoppa for nyttårskonserten 23. januar. I staden b lir det konsert søndag 20. mars i Ørskog kulturhus.

Orkesteret har både proffar og amatørar på laget. Blant sangsolistane er svenske Stephanie Lippert og norske Odd Arne Halaas (NTL-leiar)

Etter ein ufrivillig pause er håpet at alt skal kome i normalt gjenge.

Leiarar i orkesteret er Daniel Falcon Græsdal og Reidar Opsal.

Publisert Legg igjen en kommentar

Ung meister- Britt Pernille Frøholm levandegjer Kjelstad-tradisjonen

Publisert  7. desember 2021:  Musikktradisjonen etter brørne Ola og Ivar Kjelstad i Sunnylven blir ført vidare av unge spelarar og sikra for ettertida.

Britt Pernille Frøholm er ein av desse tradisjonsberarane som har teke opp kulturarven.

På CD-plata «Fokhaugen» spelar ho solo slåttar som stod på Kjellstad-brørne sitt repertoar.

Sjølv er ho fødd og oppvaksen i nabobygda Hornindal med nært kjennskap til musikken til dei to brørne.

Fokhaugen er namnet på heimen til Ola Kjelstad (1854-1944). Her var det ein samlingsstad for mange meisterlege spelemenn frå Sunnmøre og Nordfjord.

Ola blei i si samtid rekna som eit stort åndsmenneske med interesser både i litteratur og musikk. Han var den populære spelemannen som var med i tallause bryllup og kunne sitere fritt frå dei store diktarane sine verk.

Broren Ivar (1868-1914) blei karakterisert som den store virtuosen som turnerte landet rundt. Men helsa svikta og han døydde ung.

Dei gamle spelemennene i desse bygdene reiste vide om og fekk impulsar frå både  Myllarguten og Ole Bull. Loms-Jakob er og namn som blir nemnt. Han reiste mykje rundt i landet.

Når Britt Pernille Frøholm har spelt inn i denne CD-plata er det med musikk etter namngjetne spelemenn. Her er Møllarguten sin halling»,Springar etter Kjellstad-Per,  Vals etter Ivar Kjelstad, Springar etter Kroka-Lars og Lars Thomasgaard, Springar etter Ola Kjelstad og «Bryllaupsafta på Seljeset».

Andre frå tradisjonen er Lars Brendefur og Jens Maurseth.

Solisten på plata har i alle år hatt nær kontakt med tradisjonsmusikken. Ho har medverka i fleire grupper, bl.a. med Honndalstausene og  Ramstadlaget.

Dette er den tredje soloplata og er god dokumentasjon på kvalitetane dagens unge står for. Difor er det som positivt at ho tek opp den gamle folkemusikken og viser kva for ein kulturell gullskatt den representerer.

(Utgitt på Kviven Records og innspelt i november 2019. Platesleppturneen måtte utsettast på grunn av koronaen).

Kjell Opsal

Publisert Legg igjen en kommentar

Nyttårskonsert med Ørskog Trekkspelorkester

Etter koronaopphald er Ørskog Trekkspelorkester på hogget for eit nytt aktivt år.

Søndag 23. januar blir det invitert til nyttårskonsert i Ørskog kulturhus.

Det skal bli allsang og trekkspelmusikk med Odd Arne Halaas på gjestelista.

Orkesteret spelar på Sjøholt Folkehøgskole laurdag 12. februar og på Kyrkjelydshuset i Fiksdal søndag 27. februar.

I mars er det speling under DM i Ulsteinvik 25. – 27. mars søndag 8. mai blir det arrangert fredskonsert til minne om mai-dagane 1945. Då er det musikk og sang frå krigsåra som er på programmet.

Publisert Legg igjen en kommentar

I juni/juli blir det trekkspel-NM på Storefjell!

Bildet: Storefjell blir NM-arena til sommaren.

Publisert 30. november 2021: 

Gladmelding frå forbundskontoret: NM på trekkspel og toradar blir arrangert på Storefjell frå torsdag 30. juni til søndag 3. juli.

Konkurransane blir arrangert dei tre første dagane medan det på søndag blir avskilskonsert.

Koronaen er langt i frå borte, men vi må ha så god tru at det ved midtsommar kan gjennomførast eit meisterskap i god tradisjon.

Det er nok mange som håper at vi kjem tilbake til normale tilstandar.

Publisert Legg igjen en kommentar

12. – 17. juli 2022: Satsar på Dansefestivalen på Sel i Gudbrandsdalen

Bildet: Bengan Janson kjem til Sel og festivalen der.

Publisert 30. november 2021:

Dagane  12. til 17. juli blir det dansefestival på Sxel med eit rekordstort oppbud av gode aktørar.

Her får publikum møte mange av dei fremste innan gammaldansen og dansebandstilen med Vikingarna fremst i rekka.

For gammaldansarar og trekkspelfolket er det berre å glede seg til Dalakopa, Jutullaget, Aksnes Larsen kvintett, Over Stok og Steen, P. A. Røstads orkester, Fyrun og Rønningen, Dølalæte, Hoksnes og Halaas og svenske trekkspelstjerna Bengan Janson.

Mange kjende danseband blir med, Bjørns orkester,Rune Rudberg band, Anne Nørdsti, Ole Ivars, Lasse Stefanz, Ingemars og mange fleire.

Publisert Legg igjen en kommentar

Nytt på CD: «Hjerteelskende venner» med tekstar og tonar frå Rørostraktene

Publisert 30. november 2021: 

Målsettinga er klar: Løfte fram og føre vidare den vokale folkemusikken frå Rørostraktene.

Bak dette tiltaket står ei særdeles kompetent gruppe som kaller seg «Hjerteelskende venner».

Resultatet er ein CD-produksjon med vakkert spel og sang.

Stoffet bygg på samlinga «Folketoner frå Røros-distriktet» av Lars Valseth (1898-1958), utgitt i 1950.

I innleggskortet blir det fortalt at her er salmer, barnesanger, viser, småstubber og sanger som var i bruk i Feragen på slutten av 1800-talet.

Medverkande er Gro Kjelleberg Solli, Mari Eggen, Jens Nyplass, Rolf J. Feragen, Ole Anders Feragen, Roar Kjelsberg og barnestemmer frå Brekken.

Sangtekstane som er gjengitt, er også eit pluss for dette gode produktet.

Og noko som vi har sagt før: Takk og pris for at det framleis blir gitt ut CD-plater.

Det blir noko spesielt å få noko slikt i hendene.

Kjell Opsal