Publisert Legg igjen en kommentar

I juni/juli blir det trekkspel-NM på Storefjell!

Bildet: Storefjell blir NM-arena til sommaren.

Publisert 30. november 2021: 

Gladmelding frå forbundskontoret: NM på trekkspel og toradar blir arrangert på Storefjell frå torsdag 30. juni til søndag 3. juli.

Konkurransane blir arrangert dei tre første dagane medan det på søndag blir avskilskonsert.

Koronaen er langt i frå borte, men vi må ha så god tru at det ved midtsommar kan gjennomførast eit meisterskap i god tradisjon.

Det er nok mange som håper at vi kjem tilbake til normale tilstandar.

Publisert Legg igjen en kommentar

12. – 17. juli 2022: Satsar på Dansefestivalen på Sel i Gudbrandsdalen

Bildet: Bengan Janson kjem til Sel og festivalen der.

Publisert 30. november 2021:

Dagane  12. til 17. juli blir det dansefestival på Sxel med eit rekordstort oppbud av gode aktørar.

Her får publikum møte mange av dei fremste innan gammaldansen og dansebandstilen med Vikingarna fremst i rekka.

For gammaldansarar og trekkspelfolket er det berre å glede seg til Dalakopa, Jutullaget, Aksnes Larsen kvintett, Over Stok og Steen, P. A. Røstads orkester, Fyrun og Rønningen, Dølalæte, Hoksnes og Halaas og svenske trekkspelstjerna Bengan Janson.

Mange kjende danseband blir med, Bjørns orkester,Rune Rudberg band, Anne Nørdsti, Ole Ivars, Lasse Stefanz, Ingemars og mange fleire.

Publisert Legg igjen en kommentar

Nytt på CD: «Hjerteelskende venner» med tekstar og tonar frå Rørostraktene

Publisert 30. november 2021: 

Målsettinga er klar: Løfte fram og føre vidare den vokale folkemusikken frå Rørostraktene.

Bak dette tiltaket står ei særdeles kompetent gruppe som kaller seg «Hjerteelskende venner».

Resultatet er ein CD-produksjon med vakkert spel og sang.

Stoffet bygg på samlinga «Folketoner frå Røros-distriktet» av Lars Valseth (1898-1958), utgitt i 1950.

I innleggskortet blir det fortalt at her er salmer, barnesanger, viser, småstubber og sanger som var i bruk i Feragen på slutten av 1800-talet.

Medverkande er Gro Kjelleberg Solli, Mari Eggen, Jens Nyplass, Rolf J. Feragen, Ole Anders Feragen, Roar Kjelsberg og barnestemmer frå Brekken.

Sangtekstane som er gjengitt, er også eit pluss for dette gode produktet.

Og noko som vi har sagt før: Takk og pris for at det framleis blir gitt ut CD-plater.

Det blir noko spesielt å få noko slikt i hendene.

Kjell Opsal

Publisert Legg igjen en kommentar

Anders Sørensen – elev av Ole Bull, verdig CD-plate til 200 års minnet

Tolker Anders Sørensens musikk: Arvid Engegård (bak til venstre), Mari Lerseth og Svein Haugen. Framme til venstre Håvard Svendsrud, Bente Midtsveen og Rolf Erik Syversen – den legendariske gitaristen. Han døydde kort tid etter desse innspelingane.

Publisert 16. november 2021: Til 200 års minnet for Anders Sørensens fødsel har plateselskapet Aksent utgitt eit dobbelt-CD album.

Komposisjonane blir framført av Håvard Svendsrud, trekkspel, Arvid Engegård, fiolin, Svein Haugen, bass, Bente Midtsveen, trekkspel, Mari Lerseth, fiolin og Rolf Erik Syversen, gitar.

Anders Sørensen vart fødd 14. november 1821 på husmannsplassen Løvlien i Romedal.

Han var ein meister på fele, men blei aldri nokon rik mann. Tente han penger på spelinga gav han dei gjerne til dei han meinte som trongde meir.

Han spelte for fattig og rik  – og som han sjølv sa, «eg har spela for tre kongar og ein keisar».

På plakaten kunne han titulere seg som «elev av Ole Bull».

Jubileumsalbumet gir ein sterk dokumentasjon av kvaliteten i musikken han skapte.

Og vi kan vanskeleg tenke oss eit ensemble som kan gi betre tolkninger.

Ein solid bonus er det fyldige innleggskortet der Håvard Svendsrud fortel om både sitt personlege forhold til musikken og om eit spelemannsliv i fattige kår på landevegen.

For Anders Sørensen var musikken alt. Spelte gjorde han til sin siste dag, 16. februar 1896.

Hedemarksmusikken representerer ein storslagen norsk kulturskatt. I nyare tid er den også glimrande tolka av gammaldansgruppa Over Stok og Steen, Anders Grøthe og fleire.

Til dei 35 nyinnspelingane har Håvard Svendsrud samla medspelarar som evner å yte rettferdig til den store slåttekomponisten. Fynd og klem over musikken, men ikkje overarrangert. Slik er dette blitt rett gammaldans som kan fungere både i konsertsal og for dansegolv.

Hedemark – Østerdalen har fostra mange store spelemenn og komponistar, som Oluf Melvold, Severin Jevnaker, Daniel Sæther, Lars Hollo og Anders Sørensen som ofte blir rekna som den største. Men musikken dei alle skapte har kvalitetar som har hatt levetid langt utover komponistane sine eigne liv. 

Per Bolstad høyrer på mange måtar med i same slektsskapet, norsk musikk ofte inspirert av europeisk populærmusikk i samtida.

Dei suverent mest kjende melodiane er «Den ubemerkte» – oftast kalla «Sørensens vals» og «Hilsen til Hamar» – altså på folkemunne «Sørensens reinlender».

Særleg den siste har standard for grupper som har hatt gammaldans på repertoaret.

Men dette er berre to av 35 komposisjonar. Galoppen «Hjemreisen fra Grundset» er ein fulltreffar saman med fleire nydelege valsar («Et farvel», Nyttaarshilsen», m.fl.)

Det er tonat frå farne tider, polka og fandango, masurka, menutt og firetur…

Håvard Svendsrud har vidareført Kåre Korneliussens plateselskap Aksent, og heidrar den store trekkspelaren sitt minne ved innspelinger av det beste frå trekkspelrepertoaret og tradisjonsmusikken. Det er ei omfattande kulturoppgåve for å sikre varig vern av nasjonale toneskattar.

Det ville ha vore synd og skam dersom det Anders Sørensen etterlet seg skulle gå til spille.

Stor heider til alle medverkande for å ha reist eit sterkt minne over ein av musikkens store personlegdomar.

Kjell Opsal 

Publisert Legg igjen en kommentar

Lennart Wärmell 1927-2021, ei kjempe i det svenske dragspelsmiljøet

Bildet er fra en spontan “jam” på restaurant Viking i Harstad, 1953. Frå venstre: Steinar Andersen (gitar), Lars Wallenrud (gitar/delvis skjult) Lennart Wärmell, (trekkspel med vibracord), John Stjernborg (bass), Lillemor Berthy/Engelberth (sang), Arvid Solberg (bass), Magnus Larsen (fiolin), Leif Lökken (trekkspel/skjult).

Lennart fekk eit langt liv og var nær 94 år gamla då han sovna inn i Mora 1. oktober 2021. Han var aktiv musikar frå 1943 og dermed var hans yrkesbane for livet avgjort. Saman med kona Liz bygde han også opp plate og noteselskap med base i Bandhagen i Stockholm.

Då vi etablerte Norild i 1977, var Lennart ein av dei første vi kontakta for tilgang til LP-plater og notemateriell.

Med si opne og engasjerte haldning kom vi i lett kontakt og venskapet medførte også fleire innspelingsprosjekt og konsertbesøk.

Han imponerte med sin vitalitet og store engasjement, difor skapte han også resultat av det han arbeidde med.

I musikken var han mangesidig med fleire stilartar på repertoaret, svensk gammaldans og folkemusikk, syd-amerikansk, klassisk, jaz slagermelodiar. Han var akkompagnatør til Harry Brandelius og Gunnae Turesson og mange fleire.

Den første LP-plata som vi lytta til var «Modern Accordion Ensemble» med nydelege tolkninger av populære melodiar. Her var «Gotländsk sommarnatt», «Rumba Zorina», «Brazil Jack», «Taking av chance on love» og Tea for Two». Eigne komposisjonar som «Solig höst, «Analisis», Dalarnas blåklocka»,»Tang akvarell» og fleire.

Han leia Accordion Club i Stockholm fram til ein sterk posisjon for opptreden i radio og fjernsyn, plateinnspelinger og konsertbesøk i inn- og utland, Amerika

Han gjekk nye vegar og lanserte orkesteret også med swingmusikk med Count Basie, Duke Ellington og Glenn Miller på repertoaret.

Og klubbmedlemane fekk boltre seg i gammaldansen, sang gjerne med i sjømannsvalsane («Lätta ankar» . Dei spelte marsjar, ragtime viser…

Med eigne grupper blei det  ein stor produksjon både på eige selskap og på Norild-etiketten. Han spelte inn plater med Ebbe Jularbo, saman med Nils O. Lundin i Amerika og  med både norske og svenske musikarar og songartistar. Rolf Björling står på den lista.

I 1973 blei Ensemblen for svenskehetens bevarande» tildelt Elin-prisen for beste gammaldansplate. Lennart spelte saman med Ebbe Jularbo og Nils O. Lundin.

Blant mange interessante produksjonar er den som viser repertoaret frå Gröna Lund i perioden 1960-1970. Dette er eit lyddokument som viser danserepertoaret på utestadar på den tida.

Ei spesiell plate – også med sang, blei spelt inn til Amerika-besøk i 1982.

Merk også dei mange innspelingane med jazzmusikarar – utgitt på LP og CD.

Komponisten Lennart Wärmell etterlet seg mange perler av gode melodiar som vil leve vidare. Det er titlar som «Vals i Buder», «Vackra Rosita», «Brudlåt från Fåsås», «Vinter i Vallen» og «Fäbo-koral» der Liz Wärmell er inne som tekstskrivar.

«Silverbröllopsvals» frå 1951 blei spelt inn av Harry Brandelius.

Blant våre personlege favoritter er «Midsätervalsen» og kanskje den mest kjende er teksten og musikken han laga til Vasaloppet og blei innspelt av Boströmarna.

Lennart Wärmell vil bli ståande som ein bauta innan dragspelsmusikken.  Han var både dyktig utøver, organisator og arrangerte musikk for små og store orkester.

Han var med i etableringa av Sveriges Dragspelares Riksförbund og var heile livet ein framtredande  ambassadør for dragspelsmusikken – også for folkemusikken.

Gjennom Norildavisa har han i ein lang serie artiklar fortalt om si deltaking og opplevingar. Dette er nordisk musikkhistorie som viser stor aktivitet og musikalsk breidde.

Då han ønskte å trappe ned fekk Norilds Musikk gleda av å ta over plateselskapet Pyramid Records med mange fine innspelinger i forskjellige stilartar.

Vår tankar går i dag til hans kjære livsledsager gjennom livet, Liz Wärmell.

Dei var i mange år busett i Stockholm, men på seinare tid flytta dei til hennar heimtrakter i Mora.

Her hadde dei i alle år også sommarhus(Fåsås) og deltok ofte der i kulturelle arrangement, Lennart som spelemann under midtsommarfestane.

Vi minnast med glede at vi i alle år fekk oppleve det nære samarbeidet, men vil sakne den alltid entusiastiske Lennart i telefonen. Og møte i Bandhagen i Stockholm, Ransäter og i den vakre heimen i Mora.

Under gravferda frå Mora kyrka var der representantar for Dragspelsförbundet med tale av Åsa Arvidsson, blomster frå Lena Jularbo Brauner med familie, Accordion Club, Norilds Musikk, familien Opsal i Norge, familie og venner. Vakker musikk blei framført av ein av Lennarts elevar, Bengan Jansson.

I takksemd lyser vi fred over det gode minnet.

Kjell, Reidar og Knut Oscar  i Norild.

Publisert Legg igjen en kommentar

Populært arrangement med topp musikk: Ungdomsgenerasjonen har innteke Skei-treffen!

I 1974 – for snart 50 år sidan (!) blei første Skei-treffen arrangert på Skei gjekk saman med Førde trekkspelklubb  Hotel. Hotelldirektør og eldsjel Jon Skrede inviterte til alle tiders trekkspelsamling.

Tekst og foto: Kjell Opsal

Siste helga i oktober var det (etter korona-opphald) på nytt tid for samling av trekkspelfolket.

Etter at Jon Skrede døydde tidlegare i år, var det nye og unge krefter som tok hand om arrangementet, Elias Eide og Emil Horstad saman med Osterøy trekkspelklubb.

Artistlista viste også at ein ny trekkspelgenerasjon går inn i rekkene etter veteranane.

Oppstart fredags kveld 29. oktober med konsert og dans. Kurs ved Marius Berglund først på laurdagen. Seinare på dagen meisterkonsert med unge krefter og så dans med massevis av virtuos speling. Eller kva anna skal ein seie når Håvard Svendsrud og Øivind Farmen overraskande stilte på scena og laga ei storoppleving til dansande og lyttande sin store fryd!

Hovudkonserten laurdag verkeleg spesiell i ordets beste tyding.

Ei gruppe unge musikarar presenterte eit program i tekst og tonar som må stå til terningkast seks.

Det var folkemusikaren Ingeborg Sommer (28) som med fela framførte musikk frå den rike tradisjonen i Rørostraktene. Og det var trekkspelarane Kristina Bjørdal Farstad (31) og Marius Berglund (28) frå Sunnmøre, pluss islandske Åsta Soffia Torgeirsdotter (26).

Innleiingsvis fekk vi ei nydeleg tolkning av Ørskog-spelemannen Jens Synnes sin brudemarsj «Med syljor og stas».  Meir sunnmørsk lokalmusikk fylgde med Springdans frå Nordre Sunnmøre.

Marius Berglund er meister på toradaren og baud påTom Kjetil Tørstad sin forrykande polka «Spinnvillen».

Elias Eide og Emil Horstad – representantar for ein ny generasjon – i spissen for Skei-Treffen, ønsker vel møtt til eit arrangementet med mykje flott musikk. Bak på scena fiolinisten Ingeborg Sommer frå Røros, Kristina Farstad Bjørdal og Åsta Soffia Torgeirsdottir.

Inn i mellom fekk vi vite litt om bakgrunnen for musikken, slik som Jo Asgeir Lie sin krevande polka «Svenneprøva». Her skal ein verkeleg ha fingrane med seg!

I den klassiske retninga kom to satsar frå Holberg-suiten av Edvard Grieg pluss Bach og russiske tonar.

I den kjente trekkspelstilen  var både Deiro og Frosini representert, konsertvalsen «Elvira» og Jolly Caballeiro. På same lista stod eitt av Arnstein Johansen sine meisterstykke, «Fredag den 13.».

Ingeborg Sommer kan ause av rike tradisjonar, blant anna ein pols etter Peder Nyhus.

Det blei spelt springdans av Jens Synnes og etter at vi fekk høyre treffets signaturmelodi, «Minner frå Jølster» av Henry Haagenrud, var det tid for ståande applaus.

Til dansen heldt musikken kvalitetar til både å lytte og danse til.

Når John Oddvar Kandal frå Breim spelar opp saman med Helene Myklemyr Bolstad, blir det verkeleg sus over musikken der også Per Bolstad står på repertoaret.

Først til å by publikum inn på dansegolvet var Norsk Fjordorkester frå Sunnmøre og Romsdal med både svenske og norske tonar. Saman med Kristina, Ingeborg, Marius og Asta Soffie spelar i orkesteret Inga Villa,  Øystein Mjøs, Reidar Opsal og Bernt Hansen på bassen.

Flott dansemusikk også med Arne Kleiveland og trio – sjarmerande sjømannssang attåt!

Sjølvsagt var Osterøy trekkspelklubb med og skapte fin stemning

Hotellet (no Thon) – er ein triveleg stad for eit slikt treff. God mat og bra på alle måtar.

Ideelt for buskspel og myldring. Lett tilkomst og komfortabelt.

Trekkspeltonane kom oss i møte ved ankomst på fredags ettermiddag og konserten utpå kvelden heldt alle kvalitetar.

Ein av dei unge drivkreftene, Elias Eide, seier til Norildavisa at det sikkert nok blir nytt treff neste år.

Henry Haagenrud var i mange år nært knytt til Skei-treffen. Tradisjonen tru blei den vakre valsen «Minner frå Jølster» brukt i finalen under minikonserten på søndags ettermiddag.

Publisert Legg igjen en kommentar

Finska dragspelslegenden Veikko Ahvenainen hedrades med konstverk

Den finska dragspels-mästaren Veikko Ahvenainen blev i slutet av augusti hedrad med ett stort konstverk i trä, en tavla som mäter 2,5 x 3 meter och föreställer Veikko med sitt dragspel.  Det var finska Kuopio kommun som ville hedra Veikko som är född och uppvuxen i Kuopio med detta fina konstverk .

Invigningen skedde den 31 augusti i det nybyggda resecentrum där tavlan är placerad. Det var många på plats för att få ta del av denna fina ceremoni som kommun-chef Jarmo Pirhonen inledde med ett tal och Ahvenainen själv fick avtäcka tavlan.

”Om Ahvenainens väg till dragspels-musiken inte varit så speciell, så hade hans över 70 år långa karriär inte heller blivit så otrolig, vilken verkligen saknar motstycke! Vi är alla mycket tacksamma att Veikko alltid har hållit fram sin födelsestad Kuopio genom hela sin karriär, sa Jarmo Pirhonen i sitt tal. Han har turnérat med många kända finska sång-artister och är finska dragspels-kulturens stora PR-person.

 Det var en mycket rörd Veikko som höll sitt tal vid invigningen av sin fina tavla, många minnen som finns här i mina hemtrakter och där allt en gång började, 1948 spelade han sin fösta solo-konsert i Stadshuset i Kuopio.

Veikko föddes 1929 och som skolpojke ville han väldigt gärna spela dragspel men med en familj på 7 barn så fanns det inte pengar till att köpa något. Så Veikko började själv när han var 9 år gammal att spara pengar till sitt första 2-radiga dragspel genom att bära ut tidningen på morgonen innan han gick till skolan samt även samla och sälja järn & koppar skrot. Efter några år så önskade han sig ett 5-radigt dragspel men det var så dyrt att han insåg att det skulle han inte få ihop pengar till, så att han gick till banken och frågade om ett lån. Bankmannen gav honom ett papper och sa att om du hittar någon som är rik och kan skriva under detta papper ska du få låna pengar. Veikko gick då till fabriken där hans bror jobbade och frågade chefen om han kunde skriva under detta papper. Chefen ringde till banken och kom sen tillbaka med en underskriven bank-växel och Veikko blev lycklig ägare till sitt 5-radiga dragspel, 11 år gammal! Sen började hans karriär så smått och med många spelningar på danser samt olika tillställningar så kunde han betala tillbaka sin skuld till banken.

Veikko har spelat i ett 40-tal länder och gett över 5.000 solo-konserter, det har även blivit många skivinspelningar, totalt 1.082 st låtar på skiva. Tillsammans med sin svenska fru Carina som kommer från Långviksmon utanför Örnsköldsvik turnérar och spelar Veikko fortfarande. Senaste turnén var i Sverige nu i september med konserter i Örebro, Borlänge, Finspång, Hofors, Sundsvall, Kramfors och Björna. Efter det fortsatte turnén i Finland med ett 20-tal konserter.

Publisert Legg igjen en kommentar

Øivind Farmen – ny CD med klassisk solospel

Det er alltid gledeleg når ein av dei unge toppane på trekkspel kan høyrast på konsertar eller sjeldnare, på CD-plate.

Det siste har han gjort noko med – på ny CD framførar han solo av sitt klassiske favorittrepertoar.

Her er Mozarts nydelege Sonate i D-dur, Scarlattis Sonata i F moll i strålande tolkning og Bachs Fantasia i C moll.

Evig musikk som kjem til sin gode rett på trekkspel. Det er blitt sagt at hadde Mozart levd i dag ville han ha spela trekkspel…

Samtidskomponistar som tyske Jürgen Ganzer, norske Morten Gaathaug og Ronny Kjøsen viser at det stadig blir skapt ny og verdfull musikk.

I dette gode utvalet høyrer også «Hannahs lykkelige dag», komponert til dottera.

Når Øivind Farmen gir oss desse innspelingane, er det vakkert å lytte til, virtuost og ei stadfesting at  det er ein av dei fremste av dagens unge  som trakterer dette mangesidige instrumentet.

Det bør ikkje gå 11 år til neste plate.

(Minner samtidig om at Øivind turnerer flittig landet rundt – blant anna saman med Håvard Svendsrud).

Kjell Opsal

Publisert Legg igjen en kommentar

Lyspunkt gjennom «korona-sommaren»: Sundquist-träffen i Torsby med topp aktørar!

Gjennom ein sommarsesong der det meste blei avlyst, fekk vi oppleve Sundquist-träffen i Torsby i månadsskiftet juni – juli. Med all den flotte musikken vi fekk høyre blei dette eit stort lyspunkt.

Av Reidar og Kjell Opsal

Der var konsertar i  Fryksände kyrka,  allsangkveld, fleire konsertar og Sundquist-seminar på Lusta loge – festlege dagar i eit naturvakkert område og nydeleg sommarsver.

Stor takk til  arrangør Roger Snäll , godt assistert av fru Christina som tok så fint imot medverkande og publikum. Det starta på torsdagskvelden med allsang leia av meisteren på feltet, Tord Sölvesson. Også ein aktør som vi tidlegare har hatt gleda av å møte i Ransäter. Ei spesiell stund fekk vi oppleve i Fryksände kyrka der presten inviterte til konsert med glad musikk.

Mat og prat ute i det fri under Sundquist-träffen i Torsby.  Vertsskapet Christina og Roger Snäll tok godt imot både artistar og publikum-
Fremst bildet til høgre Lena Jularbo Brauner og til venstre skimter vi Nils Fläcke og sida av han sit Bo Gäfert.

Dette er eit arrangement med hovudvekt på Rangar Sundquist, ein av tidenes største på trekkspelet. Han laga mange fine komposisjonar, men også fleire av dei andre t5rekkspellengende var representert.

Stilrett tolkning blei det også av Jularbo – sjølvsagt når Anders Larsson og Tore Svendsberget er på scena. Og helsing på scena fekk vi frå Lena Jularbo Brauner som deltok under festivalen. Alltid inspirerande!

Innlagt var også seminar der Gösta Westerlund (1907-1980) var temaet.  Interessant der «dragspelsprofessoren» Bo Gäfvert auste av sin store kunnskap  – i selskap med intervjuande Leffe Jonsson. Begge veit mykje og har evna til å formidle stoffet.  Gösta var eit musikalsk fenomen som begynte å spele trekkspel tre år gammal. Då han var 7 spelte han offentleg og var dansemusikar frå 10 års alder.

Han var fantastisk til å lese noter og spelte alt direkte frå bladet. Hans mest kjende komposisjon var «Sol över Norrland» som blei framført av Anders Larsson, Beiron Hultman, Tore Bekkelund og Lars Henrik Larsson.

På artistlista desse varme sommarsdagane stod også Nils Fläcke, denne dragspelande mulltikunstnaren – i si tid ungt talen, men som i dag går inn i rekka av superveteranar.

Frå norsk side deltok også Jo-Fredrik Øiamo som er blitt eit kjent trekkspelnamn.

Ingen tvil om at her er det rette draget på musikken. Beiron Hultman til venstre, vidare Lars Henrik Larsson på bass (også glimrande trekkspelar), Nils Fläcke og Anders Larsson.

Annika Andersson var på plass blant favorittane – og for oss ein ny fin duo, Jonas Hansson og Peter Resare med sang og dragspel.

På nytt deltok uslitelege Jan Olsson frå Exporadion og laga fleire radioprogram som vi kan glede oss over på nettet. Takk til Jan for denne store kulturinnsatsen!

Musikken som blir spelt under denne årlege treffet er henta frå det mest populære trekkspelrepertoaret. Det var melodiar som «Lekande steg» av Ragnar Sundquist, også blant våre favorittmelodiar, Det var «Aftonbris» av Sven Hylen og Minnen från Hylte Bruk» av Jularbo- også blant våre store favorittar. Ein av dei vakraste valsane, «Fiolen min» av Jon Erik Öst og (sjølvsagt) Raggies polka, pluss mange, mange fleire melodiar.

Reine luksusopplevinga å få nyte denne herlege musikken – i time etter time, med slik kvalitetsfull framføring.

For Norild-utsendingane med base Norges vestkyst, var det mange mil å køyre, men vel verdt turen. Også passeringa av grensa, fram og tilbake, gjekk også svært greit. Ingen problem!

Og no er vi tilbake til normaldagen og gler oss til fleire treff. Spesielt er det mange som spør om Ransäter.

Stor takk til det fine vertsskapet, Roger Snäll og fru Christina som steller i stand i Torsby – Lusta. Her blir ein verkeleg godt motteken!

Tore Svendsberget – ein av dei beste norske på den klassiske trekkspelmusikken, her i samtale med programleiar og radioprodusent, Jan Olsson – (også dyktig sangsolist). Til venstre Beiron Hultman som er med på å føre trekkspeltradisjonen vidare.