Publisert Legg igjen en kommentar

Lill-Bengt Erixson var meisteren på gladjazz

Ein fenomenal musikar med gladjazz som spesialitet, svenske Lill-Bengt Erixon døde 29. april 89 år gammal.

Han var allsidig i musikken, men det var først og fremst på det jazzige repertoaret han nådde dei store høgder.

Og sjølv i den høge alderen viste han korleis det skulle swinge i musikken og var framleis blant toppane!

Han var orkesterleiar og var med i Accordion Club i Stockholm. Under eit festleg arrangement på Nalen fekk vi oppleve han på scena saman med bl.a. Lennart Wärmell.

Det var musikarar som skapte improvisasjonar og rytmisk driv som kalla på den store applausen.

Lill-Bengt kan høyrast på mange plateproduksjonar der også materiell frå Trio-Förlaget er reutgitt av Norild.

Lytt til opptaka frå Gröna Lund med fleire av Sveriges jazzmusikarar er med!

Med eigen trio er det blitt fleire CD-plater med gladjazz med repertoar frå Gershwin til Erik Frank på repertoaret.

Det er eit stort tap når så dyktige musikarar går bort – men takk for at vi kan nyte platene.

Publisert Legg igjen en kommentar

Pajala-Hasse 1924-2021

Pajala-Hasse (t.h.) fotografert under Belgiaden i Geiranger på 1990-talet – buskspel saman med bl.a. Hjalmar Johnsen frå Kirkenes.

Ein av Sveriges mest kjende dragspelsprofilar, Hans ”Pajala-Hasse” Persson er død vel 96 år gammal.

Han turnerte i mange år med sitt orkester, starta sitt eige musikkforlag med bl.a. plateproduksjon.

I den store gammaldanstevlinga i Sveriges Radio på 1970-talet spelte han seg opp på andreplass etter Bröderna Lindqvist.

Spesielt for det populære bandet han turnerte med var at alle dei fire barna var med!

Dei spelte klemmig gammaldans med innslag av musikk frå dansebandstilen.

Pajala-Hasse komponerte også gammaldans og scener frå hans musikarliv er presentert av Tornedalsteatern i Kiruna.

Pajala-Hasse spelte også ved fleire høve saman med Carl og Ebbe Jularbo.

Gjennom åra blei det også besøk i Norge der han bl.a. var gjest ved Belgiaden i Geiranger.

Norilds Musikk fekk kontakt på midten av 1970-talet og hadde LP-plater frå forlaget med i den første musikkavisa vi gav ut i 1977. På ei av platene spelte han med Sven-Olof Nilsson og på ei anna var dottera Birgit Persson solist med Pajala-Hasses kor og orkester.

Ved Pajala-Hasse sin bortgang har miljøet mist ein av sine fargerike profilar.

Publisert Legg igjen en kommentar

Arnstein Moen er død

Publisert: 22. april 2021:
Leiaren for gammaldansgruppa Arnsteins – Arnstein Moen, døde onsdag 21. april 72 år gammal.
Han var ein dyktig trekkspelar og vokalist med gammaldans og folkemusikk som spesialitet.


Arnsteins var så populær ute i folket at den kunne konkurrere med tidas popgrupper til både underhaldning og dans.
Det vart også danna fanklubb og mange reiste lange vegar for å høyre gruppa spele.
Dei mange innspelingane på LP, MC og CD, fekk eit stort publikum.

Arnstein Moen kjende vi som ein likandes kar som det alltid var triveleg å møte.
I mange år var han programleiar under Belgspelet i Ransäter.
For den nordiske tradisjonsmusikken er det eit stort tap at han no har gått bort.

Norilds – Kjell, Reidar og Knut Oscar

Publisert Legg igjen en kommentar

Dette skjer med Landskappleiken og Landsfestivalen

NA – KJELL OPSAL – Publisert 30.3.21

Ingen kappleik eller landsfestival i år, men frå 2022 skal det skje!

2022: Vågå – Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Arr.: Vågå trekkspelklubb.
2022: Rjukan – Landskappleiken. Arr.: Tinn spelemannslag, Falkeriset folkemusikklag, Gransherad spel- og dansarlag og Seljord folkemusikklag.
2023: Førde – Landsfestivalen. Arr.: Indre Sunnfjord spelemannslag.
2023: Lom – Landskappleiken. Arr.: Lom spel- og dansarlag.
2024: Åndalsnes – Landsfestivalen. Arr.: Møre og Romsdal folkemusikklag.
2024: Gol – Landskappleiken. Arr.: Gol spel- og dansarlag, og Ål spel- og dansarlag.
2025: Eidfjord – Landskappleiken. Arr.: Hardanger spelemannslag.

Det er første gongen Landsfestivalen blir arrangert på Åndalsnes. Det er eit distrikt med gode tradisjonar, Rauma spelemannslag, trekkspelarar og heimstaden til Trekkspelets Myllargut, Ole Wenge (1898 – 1983)

Det er ikkje avklara kvar Landsfestivalen blir arrangert i 2025.


Publisert Legg igjen en kommentar

Fläcke og Jularbo-Brauner på Radio Viking

Tirsdag 2. mars 2021 kl. 15.00 skal Nils Fläcke og Lena Jularbo-Brauner spille musikk og fortelle gode historier på den svenske Radio Viking 101,4 mhz. Kanalen sender også via nettet (søk på Radio Viking), slik at alle utenfor Stockholm også kan få høre sendingen.
– Vi kommer til å spille mye trekkspillmusikk, variert både fra Sverige, Norge og Danmark, forteller Lena Jularbo-Brauner til Norildavisa. Vi har funnet en innspilling med Jens Book-Jensen med Jularbo på komp, den skal selvfølgelig være med!
Videre lover Jularbo-Brauner at selv om pandemien setter en stopper for festivaler og konserter, så kommer Jularbos Vänner til å sørge for flere minnerike opptredener på nettet i løpet av året. Neste blir 6. juni i Avesta.

Publisert Legg igjen en kommentar

Minne om Skogsbylasse i NRK

26. februar 2021 – Kjell Opsal:

Bildet: Skogsbylasse hadde stort publikum då han spelte i Gropa i Ransäter.

Fleire gode innslag om Skogsbylasse i NRKs programpost ”På dansefot” med Erik Forfod.

Storspelemannen på munnspel i Kall sette spor etter seg i nordisk gammaldans.

Han var fødd i 1925 og døde i 2008.

Komponist og spelemann med ei rivande dansetakt der han med det lille instrumentet kunne skape magisk stemning  for stort publikum.

I NRK-programma deltok Petter A. Røstad junior og fortalde bl.a. om samarbeidet mellom bestefaren (trekkspelaren Petter A. Røstad senior).

Dei var gode venner og hadde noko av same kjensla for den rytmiske musikken.

Hilmar Alexandersen høyrde også til i dette miljøet.

Skogsbylasse etterlet seg ein stor musikkskatt, innspelinger og på noter.Ein fin spelemann og særdeles triveleg kar som også vi i Norild hadde god kontakt med.

Musikkvenner – Skogsbylasse og toradarmeisteren Lars Karlsson, fotografert i Selbu i1998.
Publisert Legg igjen en kommentar

Det blir trekkspel-NM!

Avlyst i fjor, men i år blir det meisterskap, melder NTL-leiar Odd Arne Halaas. (Foto: Reidar Opsal)

23. februar 2021: 26. og 27. juni blir det arrangert NM på trekkspel. Dette gjeld for solistar, duettar, varietemusikk og kammermusikk.

Det skjer på Østlandet, men stad er ikkje endeleg bestemt.

Til hausten blir det NM for dei andre klassene, trekkspel og toradar, på Storefjell.For kulturlivet er det stramme smittevernreglar som gjeld og for NM har leiar Odd Arne Halaas & co. funne fram til ei løysing som gjer det mulig å gjennomføre meisterskapen.

Publisert Legg igjen en kommentar

Trekkspelseminar i Møre og Romsdal

Marius Berglund, fylkesleiar i Møre og Romsdal, inviterer til kurs i april. (Foto: Knut Oscar Opsal)

23. februar 2021: Laurdag og søndag 10. og 11. april blir det arrangert trekkspelseminar på Skaret ved Molde.

Instruktørar blir Arnt-Inge Sæter, Marius Berglund og Lars Røyseng.

I tillegg vil felespelaren Britt Elise Skram halde kurs i tradisjonsmusikk.

Kurset som er for vaksne blir arrangert av NTL  og Folkemusikarkivet i Møre og Romsdal.

Påmelding og informasjon ved styreleiar Marius Berglund.

For barn og unge blir det kurs i Ulsteinvik på Reiten i Ulsteinvik 29. – 30. mai.

På Skaret er det tidlegare arrangert fleire slike kurs og denne tradisjonen blir no teken opp att.

Publisert Legg igjen en kommentar

Trekkspelaren Bjarne Lien i Vistdal 75 års jubilant

Spelte Mardalsfossen inn på Norsktoppen

15. februar 2021: På denne dag fyller Romsdals-spelemannen Bjarne Lien i Vistdal 75 år. Han gjorde mange produksjonar på LP og CD og vil for all ettertid stå som gammaldansmusikaren som med sin eigen polka ”Mardalsfossen” oppnådde plass blant all popmusikken på Norsktoppen.

Norild-Avisa – Kjell Opsal:  Bjarne Lien høyrer spelemessig og gjennom komposisjonar til generasjonen rundt og etter Oddvar Nygaard og den legendariske rallarspelemannen Ole Wenge.

Stilreint har han tolka denne musikkforma, også saman med store felespelarar som Ola Opheim og Knut Kjøk i Gudbrandsdalen.

Han blei lagt merke til å unge år både for spelinga og melodiane som etterkvart kom til.

Under striden rundt reguleringa av Mardalsfossen i Eikesdal på 1960/70-talet komponerte den unge Bjarne polkaen som fekk stor aktualitet (kraftproduksjon) og dermed sending på Norsktoppen i NRK.

Men dette er berre ein av dei mange melodiane han har laga med titlar som ”Spelemannsbrura” – ”På Romsdalsmartna” og ”Vistdalsmasurka” som verkeleg innbyr  til masurka/hambodans på Romsdalstunet.

Bjarne Lien har hatt sin eigen gammaldanskvartett med kjentfolk i miljøet som Håkon Oshaug (bass), Bjarne Hjelvik (gitar) og Unni Staurset (fele). Han har alltid vore amatørmusikar. Platene er spelt inn for fleire selskap, bl.a. Talent Musikk og Norilds Musikk – som også har gitt ut notehefte med Lien-melodiar.

På platene har han løfta fram den romsdalske spelemannstradisjonen, men og frå Gudbrandsdalen der han har hatt så fine inspirasjonskjelder.

Bjarne Lien har alle i år vore hobbymusikar, i det daglege var han bussjåfør, og var i mange år flittig rundt på festivalar og konsertar – gjerne også som tilhøyrar.

Med sin posisjon har han sett sitt musikalske merke i eit distrikt der tradisjonsmusikken har vore så godt synleg. Og sjølv fører han fram slåttane fram med sug og stor rytmikk – kjenneteikn på god gammaldans.

75 års jubileet blei markert i NRK P1 + med gratulasjon og musikk.