Beskrivelse
Innhald:
Sjøen har til alle tider vore leveveg for mange i dette landet. Tusentals ungdommar har gjennom åra reist ut på fangst og fiske, og segla år etter år i utenriks fart. I denne boka møter vi nokre av dei som opplevde sjølivet slik det arta seg nokre tiår tilbake i tid. Då kunne det vere kort tid og veg frå konfirmasjonen til hyre på dekk eller dørk. Eventyret kunne lokke, og ein måtte som nykonfirmant skaffe seg arbeid. På sjøen kunne det vere ein sjanse for alle. Mange som begynte seglasen på 1940-1960-talet kan fortelje om tilhøve som er framandt for dei som går ut i yrkeslivet i dag. Det var hardt og utfordrande, men rikt på opplevingar og godt kameratskap. I direkte skildringar og intervju får vi her møte livet slik det var ombord og i hamn, eit liv og eit miljø som ofte var ukjent for folk flest på landjorda.