Jon Faukstad – Verdensartisten Toralf Tollefsen

kr 198

Varenummer: 1303827 Kategorier: ,

Beskrivelse

Innhald:

Boka om Toralf Tollefsens liv og virke kom ut i 1994 i høve 80 års dagen hans 26. august. Under ei triveleg tilstelling på Norges Musikkhøgskole blei boka lansert. Der var også Frode Haltli og framførte eit konsertstykke. Tollefsen sjølv uttrykte stor glede over både bok og at det framleis var interesse for musikken hans. Seinare same året var han heidersgjest under Norske Trekkspilleres Landsforbunds arrangement i Konserthuset i Oslo. Alt dette var ting han gledde seg mykje over. Han døydde berre kort tid seinare, 27. november 1994. 14 år har gått til den tid, og interessa for Toralf Tollefsen er ikkje blitt mindre. Gamle innspelingar er blitt overført til CD-plater og boka er for lengst utgått frå forlaget. På spørsmål frå mange blir den nå utgitt i nytt opplag – noko som vil glede mange både i inn- og utland. Ikkje minst i den engelsktalande verda hadde han og har framleis eit stort namn. Toralf Tollefsen er eitt av dei store namna i norsk musikkliv – og takka vere Jon Faukstad, ein annan dyktig trekkspelar, blei det bok som på nytt er blitt tilgjengeleg, no med ein del nye bilder bl.a. frå lanseringa av førsteutgåva av boka.