Skumringstimen – Vokal Folkemusikk frå Sogn og Fjordane (Note + 2 CD)

kr 248

Varenummer: 1303711 Kategorier: ,

Beskrivelse

Innhald:

Songen har alltid stått sterkt i Sogn og Fjordane, og takka vere eldsjeler er ein stor del av dei gamle songtradisjonane tekne vare på: Mykje av dette songstoffet finst som nedteikningar og lydopptak i musikkarkivet til fylket. Sogn og Fjordane Folkemusikklag ser det som si oppgåve å spreie kunnskap om dei gamle songane og medverke til at dei framleis blir nytta. For nokre år sidan peika difor Folkemusikklaget ut ei songnemnd som fekk i oppdrag å arbeide med dette. Som eit resultat av arbeidet i nemnda starta dette bokprosjektet, med songar frå Song og Fjordane fylke. 2 CD-plater med vokal Folkemusikk følgjer boka. Desse har originalopptak med tradisjonsberarane, og alle songane som du finn i «Skumringstimen» er med på CD-platene.