Publisert

Miniseminar på Skaret – oppvarming til samspelseminar i 2021

I helga 31.oktober til 1.november vart det arrangert eit Miniseminar på Skaret ved Molde. Dette var det NTL Møre og Romsdal, og ildsjela Arnt-Inge Sæter frå Romsdalen som stor i bresjen for. Det vart eit meget vellukka arrangement til tross for strenge smittevernsreglar.

NA – KRISTINA FARSTAD BJØRDAL

Det var eit vaksenseminar med tre grupper. Linda Nygård var instruktør på nivå 1, Kristina Farstad Bjørdal på nivå 2 og Lars Røyseng på Nivå 3.
Gruppene øvde heile laurdag, og det vart arrangert slik at gruppene spelte for kvarandre på føremiddagen på søndag. Det er eigentleg tradisjon å ha open konsert på søndag, men dette vart ikkje gjort i år pga. korona.

Erfaren arrangør
I mars 2020 var det eigentleg duka for samspelseminar på Skaret i Molde, i regi av Norske Trekkspilleres Landsforbund Møre og Romsdal og Arnt-Inge Sæter. Dette måtte utsetjast i siste sekund grunna Coronapandemien som breidde seg over landet. Eg har tatt eit intervju med medarrangør og ildsjel Arnt-Inge Sæter om korleis denne prosessen har vore. Seminaret er planlagt å bli avvikla i april 2021, og arrangørar og deltakarar kryssar fingrane for at smittespreiinga er under kontroll til den tid.

Primus motor
Arnt-Inge Sæter var primus motor for Barne- og ungdomsseminar på Skaret i fleire år på 2000-talet. I tillegg til dette har han arrangert både Balkankurs for trekkspel og ulike andre instrument, og vore aktiv stimulant av miljøet på ein bra måte ellers. Han jobbar som kulturskulelærar og musikkterapaut, og er også utdanna på trekkspel på konservatoriet i Trossingen i Tyskland.
Etter initiativ frå NTL Møre og Romsdal, tok Arnt-Inge opp igjen arbeidet å arrangere nytt seminar i 2020 med litt utvida konsept.

Linda Nygård var instruktør for Nivå 1. Dei som var påmeldt her var nybyrjarar, og hadde ein fin progresjon i løpet av helga. Dei framførte blant anna “Nordfjordvalsen” tostemt.

Trass corona

  • Det var utruleg artig å kunne prøve på nytt igjen, og eg håper verkeleg vi får det til igjen trass corona-utsetjinga av hovedseminaret. Det er så artig å sjå at mange av dei som var på kursa på Skaret før i tida er veldig gode å spele no. Slik håpar vi også det blir i framtida. Det betyr veldig mykje for miljøet slike kurs og seminar, og det må vi satse meir på. Det er veldig miljøbyggjande. I tillegg til trekkspel syns eg det er viktig å ha andre sosiale aktivitetar ein kan vere med på i løpet av trekkspelkurset, som hesteriding og lysstøping. Dette styrka den sosiale biten mellom deltakarar veldig.
    Eg trur også det er veldig viktig for trekkspelarar å samarbeide med andre instrument, dette er viktig for framtida til instrumentet, fortel den engasjerte trekkspelaren frå Romsdalen.

Om miniseminaret

  • Det var fint å komme i gang igjen etter snart 10 år sidan sist vi hadde seminar på Skaret, og det var så flott at det vart vellukka. Alt gikk heilt etter planen. Det var god stemning og samhold gjennom heile miniseminarhelga, og helga vart avslutta med ein fin liten konsert for kvarandre på søndag. Nokre justeringar med oppdeling av grupper og reportoar vil bli gjort til neste seminar.
    Eg ser veldig fram til neste seminar i april, og håpar det vert tradisjon på Skaret i framtida, seier Arnt-Inge.
Nivå 2 i aksjon på søndag. Då spelte gruppene for kvarandre. Kjekt å sjå det dei hadde fått til.

Trist avlysning

  • Vi måtte jo avlyse i mars, og det satt skikkelig langt inne! Vi hadde gledd oss veldig til arrangementet, notane var utsendt, maten bestilt og alt var spikra og gleda var stigande. Born og vaksne gledde seg stort, og det var eit stort apparat som var satt i sving. Men vi måtte berre innsjå at denne gongen var det heilt naudsynt å avlyse grunna situsjonen i landet. Det ser eg i ettertid var heilt rett beslutning. Vi brukar jo også å ha konsert på Skaret på søndagen der seminardeltakarar og instruktørar opptrer. Då er det ein del folk utanfor trekkspelmiljøet som også får hørt trekkspelmusikk, i og med at dei er på Skaret av andre grunnar. Dette har eg mange gode erfaringar med. Men grunna Coronasituasjonen, så er eg redd for at annonsert konsert vert uaktuelt i ei god stund framover, filosoferer Arnt-Inge.

Rekruttering

  • Eg håpar verkeleg vi får til å halde seminaret på vårparten 2021. Det har vore ganske mykje jobb no første året, men viss vi får det inn som ein årleg tradisjon går det litt meir automatisk. Eg trur det er viktig å tenkje litt nytt for å rekruttere. Eg har blant anna ein del invandrarbekjentskap som er veldig interessert i instrumentet, og har lyst å lære seg. Dei har jo også eit litt anna forhald til trekkspel og folkemusikk i Polen og Baltikum, og å fange opp desse kunne vere ein god ide for NTL også. Dei må stimulerast og fåast med på kurs: slik blir det eit godt mangfald! Eg trur også vi klarar å halde på dei interesserte trekkspelarane vi har, viss vi jobbar godt. Det er også veldig interessant å jobbe for å få til eit godt samarbeid med folkemusikkmiljøet, stryk og trekkspel, seier den erfarne pedagogen.
Lars Røyseng var instruktør for Nivå 3. Dei framførte blant anna “Rag in Rag” av Gunnar Nakken og “Tango pour Claude” av Richard Galliano.

NTL Møre og Romsdal

  • NTL Møre og Romsdal uttalar seg om utsetjinga, og Miniseminaret som oppvarming til hovedseminaret:
  • Vi er utruleg glade for at vi fekk til å arrangere eit miniseminar på Skaret for vaksne som ei oppvarming til hovedseminaret vi forhåpentligvis skal ha i april 2021.
    Vi treng at det er litt aktivitet i desse tider, og sjølv om vi telte på fingrane også på dette arrangementet om vi skulle tørre å arrangere det med hensyn til Corona, er vi glade for at vi gjennomførte.
    Alle deltakarar og instruktørar var veldig innstilt på å overhalde smittevernsreglane, og dette gjekk veldig bra.
    Vi hadde eigentleg planlagt eit stort seminar med over 30 påmeldte born, ungdommar og vaksne i mars 2020. Det var sett opp til å vere 2 bornegrupper, 3 voksengrupper, og eit felekurs på Skaret denne helga.
    Det var lagt opp til mykje samspel og sosialisering mellom gruppene, og instruktørarar, arrangørar og deltakarar gledde seg.
Nivå 2 framførte “Fiolen min” og “Savaltrøkken”. Det var meget god stemning på gruppene, og det musikalske og sosiale stod i fokus.

Førsteklasses
Vi hadde fått tak i førsteklasses instruktørar, og Skaret er ein fantastisk plass å arrangere eit slikt seminar. Arnt-Inge har gjort ein fantastisk jobbe, og er veldig lett å samarbeide med.
Seminaret legg verkeleg opp til sosialt samver, og gode vilkår for trivsel. Instruktørane var Lars Røyseng, Henriette Sæter, Linda Nygård og Daniel Falcon Græsdal på trekkspel. I tillegg hadde vi fått den meget anerkjende felespelaren og tradisjonsberaren Britt Elise Skram til å halde felekurs, med fokus på samspel med trekkspel. Ho er også ein meget sterk tradisjonsberar for folkemusikken i Møre og Romsdal, noko som er viktig å få benytta seg av i eit slikt kurs både for felespelarar og trekkspelarar.
Dette felekurset var i samarbeid med Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal, som også gjer ein kjempejobb for rekruttering i fylket.
Vi håpar verkeleg at vi får til å arrangere dette kurset med det samme opplegget på våren 2021, og håpar på endå fleire påmeldte, seier styret i NTL Møre og Romsdal.