Publisert Legg igjen en kommentar

Pajala-Hasse 1924-2021

Pajala-Hasse (t.h.) fotografert under Belgiaden i Geiranger på 1990-talet – buskspel saman med bl.a. Hjalmar Johnsen frå Kirkenes.

Ein av Sveriges mest kjende dragspelsprofilar, Hans ”Pajala-Hasse” Persson er død vel 96 år gammal.

Han turnerte i mange år med sitt orkester, starta sitt eige musikkforlag med bl.a. plateproduksjon.

I den store gammaldanstevlinga i Sveriges Radio på 1970-talet spelte han seg opp på andreplass etter Bröderna Lindqvist.

Spesielt for det populære bandet han turnerte med var at alle dei fire barna var med!

Dei spelte klemmig gammaldans med innslag av musikk frå dansebandstilen.

Pajala-Hasse komponerte også gammaldans og scener frå hans musikarliv er presentert av Tornedalsteatern i Kiruna.

Pajala-Hasse spelte også ved fleire høve saman med Carl og Ebbe Jularbo.

Gjennom åra blei det også besøk i Norge der han bl.a. var gjest ved Belgiaden i Geiranger.

Norilds Musikk fekk kontakt på midten av 1970-talet og hadde LP-plater frå forlaget med i den første musikkavisa vi gav ut i 1977. På ei av platene spelte han med Sven-Olof Nilsson og på ei anna var dottera Birgit Persson solist med Pajala-Hasses kor og orkester.

Ved Pajala-Hasse sin bortgang har miljøet mist ein av sine fargerike profilar.

Legg igjen en kommentar