Publisert Legg igjen en kommentar

Ung meister- Britt Pernille Frøholm levandegjer Kjelstad-tradisjonen

Publisert  7. desember 2021:  Musikktradisjonen etter brørne Ola og Ivar Kjelstad i Sunnylven blir ført vidare av unge spelarar og sikra for ettertida.

Britt Pernille Frøholm er ein av desse tradisjonsberarane som har teke opp kulturarven.

På CD-plata «Fokhaugen» spelar ho solo slåttar som stod på Kjellstad-brørne sitt repertoar.

Sjølv er ho fødd og oppvaksen i nabobygda Hornindal med nært kjennskap til musikken til dei to brørne.

Fokhaugen er namnet på heimen til Ola Kjelstad (1854-1944). Her var det ein samlingsstad for mange meisterlege spelemenn frå Sunnmøre og Nordfjord.

Ola blei i si samtid rekna som eit stort åndsmenneske med interesser både i litteratur og musikk. Han var den populære spelemannen som var med i tallause bryllup og kunne sitere fritt frå dei store diktarane sine verk.

Broren Ivar (1868-1914) blei karakterisert som den store virtuosen som turnerte landet rundt. Men helsa svikta og han døydde ung.

Dei gamle spelemennene i desse bygdene reiste vide om og fekk impulsar frå både  Myllarguten og Ole Bull. Loms-Jakob er og namn som blir nemnt. Han reiste mykje rundt i landet.

Når Britt Pernille Frøholm har spelt inn i denne CD-plata er det med musikk etter namngjetne spelemenn. Her er Møllarguten sin halling»,Springar etter Kjellstad-Per,  Vals etter Ivar Kjelstad, Springar etter Kroka-Lars og Lars Thomasgaard, Springar etter Ola Kjelstad og «Bryllaupsafta på Seljeset».

Andre frå tradisjonen er Lars Brendefur og Jens Maurseth.

Solisten på plata har i alle år hatt nær kontakt med tradisjonsmusikken. Ho har medverka i fleire grupper, bl.a. med Honndalstausene og  Ramstadlaget.

Dette er den tredje soloplata og er god dokumentasjon på kvalitetane dagens unge står for. Difor er det som positivt at ho tek opp den gamle folkemusikken og viser kva for ein kulturell gullskatt den representerer.

(Utgitt på Kviven Records og innspelt i november 2019. Platesleppturneen måtte utsettast på grunn av koronaen).

Kjell Opsal

Legg igjen en kommentar