Publisert 21. januar 2022: Slik spelte dei, Jon Rosenlid (1891-1974) og Samuel Bergset (1888-1974), vidgjetne Nordfjord-spelemenn. Takka vere plateselskapet Aksent (Håvard Svendsrud) er musikken deira tilgjengeleg på CD.
»Historisk slåttespel frå Nordfjord» byd på solospel der opptaka er frå 1940-60-talet.
Nordfjord har ein rik tradisjon med mange dugande spelemenn. Rosenlid og Bergset spelte hardingfele og var mellom dei fremste i si tid.
Musikken deira er både leikande lett, melodiøs, vakker, slik den er henta ut i frå livet og miljøet frå meir enn hundre år tilbake.
Kjende namn står som opphav til slåttane, Magne Maurset, Anders Reed, Per Kjellstad…
I tillegg til spelet blir det gitt interessant informasjon der Arne M. Sølvberg (sjølv storspelemann) har vore ein nyttig medarbeidar for plateprosjektet.
Sjølv skriv Svendsrud at musikken på plata er det næraste ein kan kome spelestilen til dei eldste kjeldene i distriktet.
Med god lydkvalitet og heile 34 spor fordelt på dei to spelemennene, går dette produktet inn i vår nasjonale kulturskatt – og som dermed ikkje treng støve ned.