
Ingen ting i 2020, men i 2021 satsar ein optimistisk på både landskappleik og landfestival i gammaldans.
FolkOrg har lagt kappleiken til Rjukan 23. – 27. juni.
Landsfestivalen blir arrangert på Vågå 4. – 8. august.
I 2022 og 2023 blir det landskappleik i Lom og på Gol.
Til landsfestivalen er det ikkje klar nokon arrangør etter 2021.