Publisert Legg igjen en kommentar

Kongens fortenstmedalje til Kjell Opsal

To prisar på same ettermiddag. Kongens fortenstmedalje hadde han inga aning om på førehand. Æresmedlemskapet frå Norske Trekkspilleres Landsforbund var han førebudd på.

– Kjell, i dag skal du heidrast for ditt virke gjennom mange tiår. Vi må tilbake til 50-talet då du var journalistlærling i Molde fire år.
Slik innleia ordførar Eva Vinje Aurdal då ein intetanande avisgründer søndag ettermiddag vart overraska med Kongens fortenstmedalje.

TEKST OG FOTO: EDMUND MELKILD

Ålesundsordføraren hadde ei lang liste å gå gjennom då ho skulle ta føre seg Kjell Opsal sitt lange virke, både som journalist, avisredaktør og sin store innsats for kulturlivet i distriktet. Særleg hans interesse for trekkspel og tradisjonsmusikk.

– På 60-talet var du fylkesformann i AUF Møre og Romsdal. Då reiste du rundt i heile fylket og arrangerte politiske tilstellingar, begynte Aurdal.

Bygdebladet
Opsal sat i Molde bystyre for Arbeidarpartiet. Han var også styreformann då idrettens hus vart bygd.
Det var journalistvirket og avis som skulle bli vegen han valte å gå vidare med. Først som journalist i Romsdal Folkeblad i Molde, og seinare i Sunnmøre Arbeideravis.

– I 1972 etablerte du Bygdebladet saman med kona Torill og ei skrivemaskin, sa Aurdal.
Redaktørjobben overlèt han til sonen Reidar for nokre år sidan, men i ein alder av snart 82 år er han framleis ein aktiv og engasjert kommentator, særleg innafor politikken.

Plateselskap
I 1977 starta han plateselskapet Norild Records og gav ut fortrinnsvis trekkspel og gammaldans/tradisjonsmusikk.
Han står også bak Norild Forlag og Kriminalbokklubben som gir ut klassiske kriminalromanar.

Lydstudio
På 1980 talet etablerte han Norild lydstudio med innspeling av musikk med lokale, nasjonale og skandinaviske artistar.

Trekkspelklubb
Han starta opp Ørskogfestivalen tidleg på 1970-talet og arrangerte årlege utekonsertar og dans med kjende skandinaviske trekkspelartistar som svenske Ebbe Jularbo og Lennart Warmell. I 1978 grunnla han Ørskog og Omegn trekkspelklubb.

Trekkspel til skulen
Han arrangerte trekkspelkurs over heile distriktet, både for vaksne og barn. Han tok også initiativet til å kjøpe inn små trekkspel som borna i skulen fekk bruke i musikktimane.
I 1980 vart den første Belgiaden i Geiranger arrangert, med Opsal den sjølvsagte pådrivar og leiar.
Festivalen vart arrangert i 30 år på rad, fram til 2010.

Allspelorkester
På 2000-talet vart Ørskog Trekkspelorkester og Ørskog Allspelorkester starta. Allspelorkesteret er et orkester der «alle» kan delta, både den som er notekyndig, men også den som spelar etter gehør. Et sosialt og godt tiltak både for unge og eldre.

Fredskonsert
Dei siste åra har han vore initiativtakar og programleiar for Fredskonserten i Ørskog samfunnshus, til minne om fredsdagane i mai 1945. Her vert det framført musikk frå krigens dagar, og det er intervju både med veteranar frå teneste i Tyskland etter krigen, og veteranar frå FN-styrkane rundt om i verda.

Forsvarsforeininga
Kjell Opsal vart tildelt Ørskog Kommune sin kulturpris i 2005.
Han har også fått «Paul Harris» som er Rotary si utmerking for innsats utanom det vanlege.
Han er også engasjert i Sunnmøre forsvarsforeining der han no er leiar for valkomiteen.

Vart stum
Hovudpersonen sjølv var fullstendig uvitande om det som skulle skje. Det einaste han viste om var at han skulle utnemnast til æresmedlem i Norske Trekkspilleres Landsforbund.

– No hadde det vore på sin plass å seie nokre ord, men eg vart heilt sett ut, sa Opsal etter at han hadde fått medaljen.
Men tausheita varte ikkje. Nokre minutt seinare var han og ordføraren i ivrig diskusjon. Om det var kommunestruktur eller kultur er det berre dei som veit.

Legg igjen en kommentar