Publisert Legg igjen en kommentar

Lennart Wärmell 1927-2021, ei kjempe i det svenske dragspelsmiljøet

Bildet er fra en spontan «jam» på restaurant Viking i Harstad, 1953. Frå venstre: Steinar Andersen (gitar), Lars Wallenrud (gitar/delvis skjult) Lennart Wärmell, (trekkspel med vibracord), John Stjernborg (bass), Lillemor Berthy/Engelberth (sang), Arvid Solberg (bass), Magnus Larsen (fiolin), Leif Lökken (trekkspel/skjult).

Lennart fekk eit langt liv og var nær 94 år gamla då han sovna inn i Mora 1. oktober 2021. Han var aktiv musikar frå 1943 og dermed var hans yrkesbane for livet avgjort. Saman med kona Liz bygde han også opp plate og noteselskap med base i Bandhagen i Stockholm.

Då vi etablerte Norild i 1977, var Lennart ein av dei første vi kontakta for tilgang til LP-plater og notemateriell.

Med si opne og engasjerte haldning kom vi i lett kontakt og venskapet medførte også fleire innspelingsprosjekt og konsertbesøk.

Han imponerte med sin vitalitet og store engasjement, difor skapte han også resultat av det han arbeidde med.

I musikken var han mangesidig med fleire stilartar på repertoaret, svensk gammaldans og folkemusikk, syd-amerikansk, klassisk, jaz slagermelodiar. Han var akkompagnatør til Harry Brandelius og Gunnae Turesson og mange fleire.

Den første LP-plata som vi lytta til var «Modern Accordion Ensemble» med nydelege tolkninger av populære melodiar. Her var «Gotländsk sommarnatt», «Rumba Zorina», «Brazil Jack», «Taking av chance on love» og Tea for Two». Eigne komposisjonar som «Solig höst, «Analisis», Dalarnas blåklocka»,»Tang akvarell» og fleire.

Han leia Accordion Club i Stockholm fram til ein sterk posisjon for opptreden i radio og fjernsyn, plateinnspelinger og konsertbesøk i inn- og utland, Amerika

Han gjekk nye vegar og lanserte orkesteret også med swingmusikk med Count Basie, Duke Ellington og Glenn Miller på repertoaret.

Og klubbmedlemane fekk boltre seg i gammaldansen, sang gjerne med i sjømannsvalsane («Lätta ankar» . Dei spelte marsjar, ragtime viser…

Med eigne grupper blei det  ein stor produksjon både på eige selskap og på Norild-etiketten. Han spelte inn plater med Ebbe Jularbo, saman med Nils O. Lundin i Amerika og  med både norske og svenske musikarar og songartistar. Rolf Björling står på den lista.

I 1973 blei Ensemblen for svenskehetens bevarande» tildelt Elin-prisen for beste gammaldansplate. Lennart spelte saman med Ebbe Jularbo og Nils O. Lundin.

Blant mange interessante produksjonar er den som viser repertoaret frå Gröna Lund i perioden 1960-1970. Dette er eit lyddokument som viser danserepertoaret på utestadar på den tida.

Ei spesiell plate – også med sang, blei spelt inn til Amerika-besøk i 1982.

Merk også dei mange innspelingane med jazzmusikarar – utgitt på LP og CD.

Komponisten Lennart Wärmell etterlet seg mange perler av gode melodiar som vil leve vidare. Det er titlar som «Vals i Buder», «Vackra Rosita», «Brudlåt från Fåsås», «Vinter i Vallen» og «Fäbo-koral» der Liz Wärmell er inne som tekstskrivar.

«Silverbröllopsvals» frå 1951 blei spelt inn av Harry Brandelius.

Blant våre personlege favoritter er «Midsätervalsen» og kanskje den mest kjende er teksten og musikken han laga til Vasaloppet og blei innspelt av Boströmarna.

Lennart Wärmell vil bli ståande som ein bauta innan dragspelsmusikken.  Han var både dyktig utøver, organisator og arrangerte musikk for små og store orkester.

Han var med i etableringa av Sveriges Dragspelares Riksförbund og var heile livet ein framtredande  ambassadør for dragspelsmusikken – også for folkemusikken.

Gjennom Norildavisa har han i ein lang serie artiklar fortalt om si deltaking og opplevingar. Dette er nordisk musikkhistorie som viser stor aktivitet og musikalsk breidde.

Då han ønskte å trappe ned fekk Norilds Musikk gleda av å ta over plateselskapet Pyramid Records med mange fine innspelinger i forskjellige stilartar.

Vår tankar går i dag til hans kjære livsledsager gjennom livet, Liz Wärmell.

Dei var i mange år busett i Stockholm, men på seinare tid flytta dei til hennar heimtrakter i Mora.

Her hadde dei i alle år også sommarhus(Fåsås) og deltok ofte der i kulturelle arrangement, Lennart som spelemann under midtsommarfestane.

Vi minnast med glede at vi i alle år fekk oppleve det nære samarbeidet, men vil sakne den alltid entusiastiske Lennart i telefonen. Og møte i Bandhagen i Stockholm, Ransäter og i den vakre heimen i Mora.

Under gravferda frå Mora kyrka var der representantar for Dragspelsförbundet med tale av Åsa Arvidsson, blomster frå Lena Jularbo Brauner med familie, Accordion Club, Norilds Musikk, familien Opsal i Norge, familie og venner. Vakker musikk blei framført av ein av Lennarts elevar, Bengan Jansson.

I takksemd lyser vi fred over det gode minnet.

Kjell, Reidar og Knut Oscar  i Norild.

Legg igjen en kommentar