Publisert Legg igjen en kommentar

Musikkfest med slager, gammaldans og allsang i Ørskog kulturhus

Der var fleire som hevda at der må vere synske evner i Ørskog Trekkspelorkester: For eit halvt år sidan blei det bestemt å legge «opningskonserten» til søndag 26. september – «då må vere restriksjonane vere oppheva».

BB – KJELL OPSAL
BB – BENJAMIN B. OPSAL (foto)

Med fullsett hus kunne trekkspeltonane lyde ut i storsalen på kulturhuset – 24 timar (!) etter av statsministeren hadde kunngjort slutt på det unormale samfunnet.
Dette kunne merkast på publikum som kom frå heile distrikt, sør og nord i fylket.

Far og son Svendsrud
Det blei invitert til allsang, virtuost klassisk spel av far og son Svendsrud. Tenåringen Oskar imponerte stort i tolkninga av «Cubansk akvarell» og i samspelet med faren. Her stod norske Christian Liebaks klassikar «Orpheum intermesso» på repertoaret.
Gjennom konserten var det mange aktørar som bolstra seg på scena. Daniel Falcon Græsdal styrte Ørskog Allspelorkester som spelte både Jularbos «Min förste komposition» – solist Marius Berglund på toradar, og Per Bolstads «Glade Ålesund» med Øystein Vestre som sangsolist. Han var også programleiar og kunne presentere eit tettpakke program.

Klassisk virtuosspel med Håvard og Oskar Svendsrud.

Jubilant
Eitt av høgdepunkta var gratulasjonen til 90 års jubilant og trekkspelar Leif Øye frå Hjørundfjorden, men med nær tilknyting til Ørskog.
Han blei tileigna Brandelius-slageren «Med en enkel tulipan» pluss at orkesteret med barnebarnet Inga-Lill Øye Lännerholm som solist framførte Leif sin komposisjon «Vals til Slogen» til tekst av Stein Nupen. Slogen rager rett over heimen til Leif og familie – og der han tallause gongar har gått til topps – 1500 meter (pluss) over havet!

Medlemar av Allspelorkesteret: Far og son Arve og Roy Sæbø, bak Harald Fylling og Roger Oksavik.

Alltid suksess
Multikunstnaren Odd Arne Halaas gjer alltid suksess med trekkspelet, songen og ikkje minst historiene – som han har mange av.
Janne Holseter som også ofte har vore med, stilte suverent opp som sangsolist og i duettar.
Midtvegs baud Ørskog Bygdekvinnellag på kaffi og kaker – og praten gjekk livleg rundt borda i sidesalen. Populært.
Det var stort aldersspenn og blant tenåringane var også Gina Giske frå Engesetdal som var solist i Vera Lynn-slageren «White Cliffs of Dover» – vakker tolkning av denne sangen så mange kjenner frå krigen.
Kompgruppa Reidar Hovde, Sigmund Slaeen og Roe Skavnes slo an tonen til «Lille vackre Anna» som Alf Prøysen gjorde kjent.

90 års jubilanten Leif Øye blir gratulert av Odd Arne Halaas.

Annas vise
Ein sang som er blitt veldig kjent i seinare tid er «Annas vise» av svenske Leif Göras. Daniel hadde laga eit fint arrangement og let oss høyre melodien for to trekkspel og fløyte med bror Miguel og Sofie Berge. Etterkvart fall Halaas inn med kjenslevar sang. Vakker!

Inga Lill Øye Lännerholm med «Vals til Slogen».

Populære melodiar
Allspelorkesteret la inn populære gammaldansmelodiar i polka, vals og reinlendertakt. Og Halaas var solist i Hans Rotmos «Dansen på Nedre Elvehavn» til eige trekkspelakkompagnement. Nydeleg.
Medan sonen Oskar var med i orkesteret, var far Håvard frampå i fleire samanhenger, slik som virtuosnummeret Jolly Caballeiro.
Ein festleg duett med Halaas og Janne Holseter, «Mary Strand» av Evert Taube.

Gina Giske – solist i «White Cliffs of Dover».

Finalen
Alle var med i finalen – først Livet i Finnskogarna, og så Calle Schewens vals der musikarar, sangsolistar og publikum fekk taket nærast til å lette seg.
Arrangøren Ørskog Trekkspelorkester fekk mange spørsmål om tid for neste arrangement.
Sidan dette var planlagt før opphevinga av restriksjonane, har vi i den uvisse situasjonen ikkje teke sjansen på å tidfeste fleire arrangement.
Men det er klart at meir skal det bli – og langt opp og fram er det bestemt at 8. mai neste år blir det Fredskonsert, seier Reidar Opsal som lover meir musikk før den tid..

Sangartistane Janne Holseter, Øystein Vestre og Odd Arne Halaas med klassiske allsongar.
Fullsett i kulturhuset der publikum var flittig med i allsangen.
Publisert Legg igjen en kommentar

Happy Skvett til topps i NTL-Kappspell

Gruppa frå Engerdal/Østerdalen med Ragnar Johnsen som leiar spelte seg til topps i Kappspell i regi av Norske Trekkspilleres Landsforbund.

Finalen fann stad på Rudi Gard i Gudbrandsdal der Møre-gruppa Varde kom på andreplass og Grindstuen & Midtlis orkester på tredje.

Dommarpanelet konstaterte at det var høgt nivå blant finalistane.

Publikum kunne følge konkurransen på nettet.

Med i Happy Skvett spelar: Ragnar Johnsen, trekkspel, Jan Ekeland, toradar, Stefan Østgård, trekkspel, Idun Østgård, fele, Anita Brustad Johnsen, trekkspel, Gunn

Vesterheim, toradar,

Morten Brustad, gitar og Odd Negård, fele.

Dommarar: Oline S. Bakkom, Willy Rustad, Baste Antun og Rikke van Ommeren.

I Møre-gruppa Varde spelte desse:

Kristina Bjørdal Farstad, trekkspel, Marius Berglund, trekkspel, Elin Dyrkorn, fele, Bernt Hansen, bass og Reidar Dahle, gitar.

Grindstuen & Midtlis orkester blei vinnar under Landsfestivalen i gammaldans i Lom i 2015.

NTL har dermed teke opp att Kappspell som NRK tidlegare har hatt med stor suksess. Willy Rustad var ein krumtapp for arrangementet den gongen – og no stilte han på som dommar.

Programleiarar på Rudi Gard var Arild Hoksnes og NTL-sjef Odd Arne Halaas.

Førstepremien var på 20.000 kroner.

I tillegg til kappspellet var det ei rekke programinnslag på Rudi denne siste helga i august.

Med i Varde som tok sølvmedalje pluss pengepremie på 10.000 kroner, var fleire frå Bygdebladdistriktet:
Kristina Bjørdal Farstad (trekkspel) frå Tennfjord, Elin Dyrkorn (fele) og Bernt Hansen (bass) frå Vaksvik, Reidar Dahle (gitar), Åfarnes og Marius Berglund (trekkspel), Skodje.
Grindstuen & Midtlis orkester kom på tredjeplass
Publisert Legg igjen en kommentar

”Gagneglød” i tekst og tonar med Knut Buen og Håvard Svendsrud på ny CD

Knut Buen med fela og Håvard Svendsrud er eit lukkekast av ein kombinasjon. Dei er ofte ute på vegen og gler sitt publikum med sin heilt spesielle konsertar.

Her levandegjer dei ikkje berre den tradisjonelle folkemusikken, men har på ei ny CD-plate vist eit kvalitetssterkt samarbeid. Det gjeld både for framføring og komposisjonar skapt av dei to.

Knut Buen har ordet i si makt og les stemningsfullt fleire av sine dikt.

Bildekunstnaren Tone Buen løfter produksjon med sine nasjonalromantisk inspirerte illustrasjonar til innleggskortet.

Her smelter alle dei elementa saman til ein naturleg heilskap og gjer heile produktet til ei sann nyting.

I tider der vi gjennom snart alle kanalar blir overdynga med alle kategorier inntrykk, er det godt å stoppe opp ved genuint meisterspel.

Slik er denne produksjonen som eit gullkanta smykke presentert av to av våre fremste kunstnarar utrusta med nettopp den gløden som skal til for å skape eit slikt resultat.

Knut Buen (f. 1948) er ein høgt profilert folkekunstnar – som også kan målbinde sitt publikum både verbalt og med fela.

Håvard Svendsrud (f. 1974) er av tidas fremste virtuosar på trekkspelet med imponerande breidde over repertoaret.

Det er til å gle seg over at vi kan få oppleve slik nyskapande folkekunst – som kan stå seg godt for lange tider.

Ørskog 31. august 2021 – Kjell Opsal/Norild

Publisert Legg igjen en kommentar

Resultat frå trekkspel-NM 2021 på Kongsberg

Kammermusikk – K

1  Bærum FOT-trio 117

2  Theodor og Viljar, Sandefjord  92

3  Trio Brødrene Sidelnikov, Oslo   81

4  Fermaten, Oslo 75

Duetter to trekkspill til og med 14 år – D1

1  Georgy og Ivan Sidelnikov 102

Duetter to trekkspill fra og med 15 år – D2          

1  Mikkel Arntzen Oma/Oskar Svendsrud   117

Trekkspill solist til og med 11 år – S1

1 Viljar Selnes Berqvam, Sandefjord  128

2 Aron Bjørke, Bærum 115

3 Karen Rinde-Thisler, Oslo 105

3 Petr Sidelnikov, Oslo 105

5 Jiani Zhang, Bærum 97

6 Anne L. B. Bekk, Østre Toten  94

7 Else Skibelid, Oslo 91

8 Marius Langehaug-Sauret, Asker  89

9 Ingerid Eira Eleonore Richter 83

10 Ivar Yichen Chang, Bærum 81

11 Karl Sætre Husby, Oslo  80

11 Selma Bjørke, Bærum 80

13 Anna Bjørke, Bærum 77

14 Hanna Maria Håkonardottir, Nordre Follo 76

15 Iver Blom, Nordre Follo  75

Trekkspill solist 12 – 14 år – S2

1 Tarik Mesic, Bærum 126

2 Mari Øen, Ås 111

3 Aurora Karlstad 101

3 Ilja Volodjko, Ås 101

5 Johannes Stubodden, Østre Toten 100

6 Georgy Sidelnikov, Oslo 95

7 Ivan Sidelnikov, Oslo       83

Trekkspill solist 15 – 17 år – S3

1 Mathias Rugsveen, Oslo 138

2 Oskar Svendsrud, Oslo 119

3 Reidar Næss, Færder 118

Trekkspill solist fra og med 18 år – S4

1 Anna Pauline Ouff Grøthe, Lier   138

Varietémusikk – V

1 Mathias Rugsveen, Oslo 145

2  Oskar Svendsrud, Oslo   130

3  Mikkel Arntzen Oma, Oslo 104

Publisert Legg igjen en kommentar

Sundquist-träffen med nordiske toppar: Dragspelsfestival i Torsby – Värmland i juni-juli

I fem dagar til ende blir det dragspelsfestival i ”Lusta” Torsby i Värmland.
Ei rekke av Nordens fremste stiller opp på Sundquist-träffen som er lagt til dagane 30. juni – 4. juli 2021.

Arrangør er foreningen Ragnar Sundquist Vänner og lokalitetane er i området ved Sundquist-museet.

I tillegg blir der konsert i Fryksända kyrka 2. juli.

Artistlista er ei oppvisning av mange av dei fremste: Det er namn som Nils Fläcke, Anders Larsson, Annika Andersson, Leffe Jonsson,Jo-Fredrik Øiamo, Fredrik Johansen, Beiron Hultman, Tore og Rune Svendsberget, Peter Liljedal, pluss mange fleire. (Sjå eige programoppsett)

Laurdag 3. juli får festivalen besøk av Lena Jularbo Brauner.

Musikken ein kan vente seg desse dagane er frå det klassiske trekkspelrepertoaret av historiske stjerner som Carl Jularbo, Ragnar Sundquist og mange av deira samtidige.

Dragspelsprofessoren Bo Gäfvert skal delta i eit Gösta Westerlund-seminar og Jan Olsson planlegg opptak av program for Exporadion.

Under ein sommar med avlyste festivalar (bl.a. Ransäter) er det eit lyspunkt at Roger Snäll & co lager i stand Sundquist-träffen.

Publisert Legg igjen en kommentar

Lill-Bengt Erixson var meisteren på gladjazz

Ein fenomenal musikar med gladjazz som spesialitet, svenske Lill-Bengt Erixon døde 29. april 89 år gammal.

Han var allsidig i musikken, men det var først og fremst på det jazzige repertoaret han nådde dei store høgder.

Og sjølv i den høge alderen viste han korleis det skulle swinge i musikken og var framleis blant toppane!

Han var orkesterleiar og var med i Accordion Club i Stockholm. Under eit festleg arrangement på Nalen fekk vi oppleve han på scena saman med bl.a. Lennart Wärmell.

Det var musikarar som skapte improvisasjonar og rytmisk driv som kalla på den store applausen.

Lill-Bengt kan høyrast på mange plateproduksjonar der også materiell frå Trio-Förlaget er reutgitt av Norild.

Lytt til opptaka frå Gröna Lund med fleire av Sveriges jazzmusikarar er med!

Med eigen trio er det blitt fleire CD-plater med gladjazz med repertoar frå Gershwin til Erik Frank på repertoaret.

Det er eit stort tap når så dyktige musikarar går bort – men takk for at vi kan nyte platene.

Publisert Legg igjen en kommentar

Pajala-Hasse 1924-2021

Pajala-Hasse (t.h.) fotografert under Belgiaden i Geiranger på 1990-talet – buskspel saman med bl.a. Hjalmar Johnsen frå Kirkenes.

Ein av Sveriges mest kjende dragspelsprofilar, Hans ”Pajala-Hasse” Persson er død vel 96 år gammal.

Han turnerte i mange år med sitt orkester, starta sitt eige musikkforlag med bl.a. plateproduksjon.

I den store gammaldanstevlinga i Sveriges Radio på 1970-talet spelte han seg opp på andreplass etter Bröderna Lindqvist.

Spesielt for det populære bandet han turnerte med var at alle dei fire barna var med!

Dei spelte klemmig gammaldans med innslag av musikk frå dansebandstilen.

Pajala-Hasse komponerte også gammaldans og scener frå hans musikarliv er presentert av Tornedalsteatern i Kiruna.

Pajala-Hasse spelte også ved fleire høve saman med Carl og Ebbe Jularbo.

Gjennom åra blei det også besøk i Norge der han bl.a. var gjest ved Belgiaden i Geiranger.

Norilds Musikk fekk kontakt på midten av 1970-talet og hadde LP-plater frå forlaget med i den første musikkavisa vi gav ut i 1977. På ei av platene spelte han med Sven-Olof Nilsson og på ei anna var dottera Birgit Persson solist med Pajala-Hasses kor og orkester.

Ved Pajala-Hasse sin bortgang har miljøet mist ein av sine fargerike profilar.

Publisert Legg igjen en kommentar

Minne om Skogsbylasse i NRK

26. februar 2021 – Kjell Opsal:

Bildet: Skogsbylasse hadde stort publikum då han spelte i Gropa i Ransäter.

Fleire gode innslag om Skogsbylasse i NRKs programpost ”På dansefot” med Erik Forfod.

Storspelemannen på munnspel i Kall sette spor etter seg i nordisk gammaldans.

Han var fødd i 1925 og døde i 2008.

Komponist og spelemann med ei rivande dansetakt der han med det lille instrumentet kunne skape magisk stemning  for stort publikum.

I NRK-programma deltok Petter A. Røstad junior og fortalde bl.a. om samarbeidet mellom bestefaren (trekkspelaren Petter A. Røstad senior).

Dei var gode venner og hadde noko av same kjensla for den rytmiske musikken.

Hilmar Alexandersen høyrde også til i dette miljøet.

Skogsbylasse etterlet seg ein stor musikkskatt, innspelinger og på noter.Ein fin spelemann og særdeles triveleg kar som også vi i Norild hadde god kontakt med.

Musikkvenner – Skogsbylasse og toradarmeisteren Lars Karlsson, fotografert i Selbu i1998.
Publisert Legg igjen en kommentar

Det blir trekkspel-NM!

Avlyst i fjor, men i år blir det meisterskap, melder NTL-leiar Odd Arne Halaas. (Foto: Reidar Opsal)

23. februar 2021: 26. og 27. juni blir det arrangert NM på trekkspel. Dette gjeld for solistar, duettar, varietemusikk og kammermusikk.

Det skjer på Østlandet, men stad er ikkje endeleg bestemt.

Til hausten blir det NM for dei andre klassene, trekkspel og toradar, på Storefjell.For kulturlivet er det stramme smittevernreglar som gjeld og for NM har leiar Odd Arne Halaas & co. funne fram til ei løysing som gjer det mulig å gjennomføre meisterskapen.