Haagenrud Henry – Grønn pastell

Innhald:

Accordion menuett/Agnarina masurka/Anno 1945 vals/Arniana schottis/Fragmenter valse caprice/Grønn pastell vals/Høstidyll vals/Høstløv valselente/Jubileums-schottis/Kjakala masurka/Lett på foten masurka/Liten konsertvals/Masurka com brio/Masurka i C/Og så var det dans/Polka Concertino/Polka Giocoso/På 60-års kalas polka/Tribute to Arne vals/Vals Infantile/Vals Sentimento/Vals til Lars Erik/Variete Polka

Helge Lien Trio – Hello Troll

Innhald:

Gamut Warning
Axis of free will
Radio
Troozee
Diverted dance7It is what it is, but it is
Halla troll
Snurt
In the wind somewhere

Nygaard i 100

ODDVAR NYGAARD frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen levde av musikken sin. Han flytta aldri frå bygda og hadde den lokale folkemusikktradisjonen som ballast frå tidlege år. Han lærte tidleg å spele trekkspel, og han lærte fort. Sjølv sa han at han heldt fast ved same stilen i alle år – ein eigen spelestil inspirert av den lokale folkemusikken. Ein rik ornamentikk frå feleuttrykket med bruk av ein borduntone i diskanten på trekkspelet prega framføringa. Inspirasjonen frå felespelet i Gudbrandsdalen gav grobotn for den særeigne spelestilen hans.

DENNE NOTESAMLINGA inneheld komposisjonar som vart til over eit tidsrom på rundt 50 år. Oddvar Nygaard hadde eit musikarliv frå debuten som utøvar før han fylte 10 år til han gjekk bort 21. april 1985, nesten 66 år gammal. Parallelt med aktiv utøving laga han melodiar med mange ulike uttrykk frå konsertstykke til visetonar og moderne dansemusikk som tango og foxtrot, springleikar og ikkje minst mange runddansmelodiar. Som utøvar spelte han både klassisk musikk og komposisjonar av trekkspelvirtuosane Pietro Frosini (1885-1951) og Pietro Deiro (1886-1950) og andre. Nygaard var tidleg svært allsidig, sjølv om han for eit større publikum kanskje er mest kjent som trekkspelar i sin eigen kvartett, Oddvar Nygaards kvartett, der Ola Opheim var den faste medspelaren på fele. Dette samspelet vara i 21 år og førte med seg ei mengd plateproduksjonar frå 1964 til den siste plata som kom ut i 1986, året etter at han gjekk bort.

Utvalet i denne notesamlinga representerer dei sjangrane han skreiv innafor. Somme av desse stykka er teknisk krevjande å spele, medan andre er lettare å få tak på. Notane til desse komposisjonane er ikkje lenger er å få tak i. Derfor er denne utgivinga på sin plass 100 år etter at han vart fødd, 23. juli 1919. Det bør gi denne notesamlinga stor bruks- og dokumentasjonsverdi.Vi har også vald å trykkje nokre handskrivne noter frå notepennen hans for å gi samlinga større autentisitet. Ettertida har vist at fleire av Nygaards komposisjonar hadde stått seg på å bli framført slik han skreiv dei. Ei samanlikning mellom det trykte materialet og dei komposisjonane som vart innspelt i studio viser at det ikkje alltid er fullt samsvar. Det gjeld også for kategorien «Viser og vers», som Tom Willy Rustad har transkribert for denne utgivinga. Her ligg innspelingane til grunn for transkripsjonane.

DENNE BOKEN INNEHOLDER:

SØR-FRONSBRURA
EIT SLITI KJØKENGOLV
GAMLE VEGEN
HESTGJETARBUA
HULDRESLÅTTEN
MØTE VED UTGARDSLEET
HANS OG HÅNÅN
SKISPOR
STORELGEN
STORJUGER’N
TATERJENTA
VILLMARKENS MELODI
SPELLMANNSHALLINGEN
DELIRIUM
EKTE DØL
50- ÅRSDAGEN
FJELLMINNER
GAMMELFANTEN
GLADE TONER
GRANDIOSO
LEIRDØL’N
LIVAT PÅ FRON
MASURKA
MED SØLV I HÅRET
NI-TIMENS MASURKA
PÅ PONSBALL
SETERJENTA
SKÅRÅHOPPEN
TREKKSPILLKLUBBEN
UNGDOMMENS RADIOLÅT
VILLROSEN
DALE-GUDBRAND
DRIFT I SALA
DØLAGUBBEN
FJELLTJØNNJENTA
GUST I VÆRET
I NORDASNO
JO GJENDE
MÅRRÅFRESKEN
NYTT FRÅ BYGDOM
ODDVARS VM-POLKA
OLA KAMPENS MINNE
PÅ BLÅE LIVET
PÅ PRINSEHYTTA I SIKKILSDALEN
SJÅRDALS-KAREIN
STOR-JUTUL’N
SÅ SVEITTEN HØLJA
TAKK FOR DANSEN
TYIN-POLKA
VED MIDNATTSLEITE
TIL MINE VENNER I ØNSKEKONSERTEN
BIRKEBEINER’N
FJELLJENTA
HAUGTUSSEN
HILSEN FRA ODDVAR NYGAARD
HO ANNA I MOOM – ( «FRÅ GAMMELTIOM»)
HULDRA VED VAKKERTJØNNA
HULDREDANS PÅ SETERVANGEN
I 60-ÅRSLAG
20-ÅRSJUBILEUM PÅ BEITOSTØLEN
NATTRANGLAR’N
PÅ RONDESLOTTET
PÅ SPARKET
SLIPSTEINEN
STOREGUT
STYGGEN I HULDERHAUGA
TROLLKATTEN
TROND I VALFJELL
VED ESSANDSJØEN
FURUKRAGGEN
SELJEFLØYTA
HØR FIOLINEN
TANGO DOLOROSA
DANS I GAMMELSTUGUN
DØLAVALSEN
FRONSVALSEN
GUDBRANDSDALSVALSEN
KULTURARVEN
MAIHAUGVALSEN
NM-VALSEN
NORDLYSNATT
ODDVAR NYGAARDS VALS
PÅ ROMJULSBALL
PÅ SMÅSTUGUBALL
RONDEBRURA
60-ÅRSVALSEN
SLUSKEVALSEN
SMED-JENS MINNE
SPELLEMANNSVALSEN
STOR-JOHANS VALS
SØLVBRURA
TIL VENNENE AV GAMMELDANS
VALSE AMOURETTE
VALSEN TIL SOLLIA
VALS TE’ TUSEN
VI OVER 60

Knut Arne Romestrand: Utsikt frå Kårstova (BOK)

Artikkelserien «Utsikt frå Kårstova» i Bygdebladet vart til då koronaen kom til landet. Mykje vart annleis. Vi måtte passe oss for ikkje å bli smitta. Vi sat heime og fylgde med i media kor det gjekk. Vart opplærde i å bruke munnbind, halde avstand når vi handla. Fotballen la opp. Dei daglege vanene vart brått endra. Det oppstod nye ord som vi ikkje hadde hatt før. For eksempel koronapåske, koronastengt, koronareglar.

Elles er det mangt som hender i livet som fortener ein kommentar.
No når koronaen er gått over til å verte ei vanleg omfarssykje er det rom for mange andre tema. Det hender alltid ting som ein kan fundere på. Vi ser på det med eit skråblikk, eit litt humoristisk glimt.

Forfattaren Knut Arne Romestrand har no samla eit rikt utvalg av artiklane og satt dei saman i den nye boka «Utsikt frå Kårstova»!

Publisert Legg igjen en kommentar

Populært arrangement med topp musikk: Ungdomsgenerasjonen har innteke Skei-treffen!

I 1974 – for snart 50 år sidan (!) blei første Skei-treffen arrangert på Skei gjekk saman med Førde trekkspelklubb  Hotel. Hotelldirektør og eldsjel Jon Skrede inviterte til alle tiders trekkspelsamling.

Tekst og foto: Kjell Opsal

Siste helga i oktober var det (etter korona-opphald) på nytt tid for samling av trekkspelfolket.

Etter at Jon Skrede døydde tidlegare i år, var det nye og unge krefter som tok hand om arrangementet, Elias Eide og Emil Horstad saman med Osterøy trekkspelklubb.

Artistlista viste også at ein ny trekkspelgenerasjon går inn i rekkene etter veteranane.

Oppstart fredags kveld 29. oktober med konsert og dans. Kurs ved Marius Berglund først på laurdagen. Seinare på dagen meisterkonsert med unge krefter og så dans med massevis av virtuos speling. Eller kva anna skal ein seie når Håvard Svendsrud og Øivind Farmen overraskande stilte på scena og laga ei storoppleving til dansande og lyttande sin store fryd!

Hovudkonserten laurdag verkeleg spesiell i ordets beste tyding.

Ei gruppe unge musikarar presenterte eit program i tekst og tonar som må stå til terningkast seks.

Det var folkemusikaren Ingeborg Sommer (28) som med fela framførte musikk frå den rike tradisjonen i Rørostraktene. Og det var trekkspelarane Kristina Bjørdal Farstad (31) og Marius Berglund (28) frå Sunnmøre, pluss islandske Åsta Soffia Torgeirsdotter (26).

Innleiingsvis fekk vi ei nydeleg tolkning av Ørskog-spelemannen Jens Synnes sin brudemarsj «Med syljor og stas».  Meir sunnmørsk lokalmusikk fylgde med Springdans frå Nordre Sunnmøre.

Marius Berglund er meister på toradaren og baud påTom Kjetil Tørstad sin forrykande polka «Spinnvillen».

Elias Eide og Emil Horstad – representantar for ein ny generasjon – i spissen for Skei-Treffen, ønsker vel møtt til eit arrangementet med mykje flott musikk. Bak på scena fiolinisten Ingeborg Sommer frå Røros, Kristina Farstad Bjørdal og Åsta Soffia Torgeirsdottir.

Inn i mellom fekk vi vite litt om bakgrunnen for musikken, slik som Jo Asgeir Lie sin krevande polka «Svenneprøva». Her skal ein verkeleg ha fingrane med seg!

I den klassiske retninga kom to satsar frå Holberg-suiten av Edvard Grieg pluss Bach og russiske tonar.

I den kjente trekkspelstilen  var både Deiro og Frosini representert, konsertvalsen «Elvira» og Jolly Caballeiro. På same lista stod eitt av Arnstein Johansen sine meisterstykke, «Fredag den 13.».

Ingeborg Sommer kan ause av rike tradisjonar, blant anna ein pols etter Peder Nyhus.

Det blei spelt springdans av Jens Synnes og etter at vi fekk høyre treffets signaturmelodi, «Minner frå Jølster» av Henry Haagenrud, var det tid for ståande applaus.

Til dansen heldt musikken kvalitetar til både å lytte og danse til.

Når John Oddvar Kandal frå Breim spelar opp saman med Helene Myklemyr Bolstad, blir det verkeleg sus over musikken der også Per Bolstad står på repertoaret.

Først til å by publikum inn på dansegolvet var Norsk Fjordorkester frå Sunnmøre og Romsdal med både svenske og norske tonar. Saman med Kristina, Ingeborg, Marius og Asta Soffie spelar i orkesteret Inga Villa,  Øystein Mjøs, Reidar Opsal og Bernt Hansen på bassen.

Flott dansemusikk også med Arne Kleiveland og trio – sjarmerande sjømannssang attåt!

Sjølvsagt var Osterøy trekkspelklubb med og skapte fin stemning

Hotellet (no Thon) – er ein triveleg stad for eit slikt treff. God mat og bra på alle måtar.

Ideelt for buskspel og myldring. Lett tilkomst og komfortabelt.

Trekkspeltonane kom oss i møte ved ankomst på fredags ettermiddag og konserten utpå kvelden heldt alle kvalitetar.

Ein av dei unge drivkreftene, Elias Eide, seier til Norildavisa at det sikkert nok blir nytt treff neste år.

Henry Haagenrud var i mange år nært knytt til Skei-treffen. Tradisjonen tru blei den vakre valsen «Minner frå Jølster» brukt i finalen under minikonserten på søndags ettermiddag.

Publisert Legg igjen en kommentar

Anders Sørensen – elev av Ole Bull, verdig CD-plate til 200 års minnet

Tolker Anders Sørensens musikk: Arvid Engegård (bak til venstre), Mari Lerseth og Svein Haugen. Framme til venstre Håvard Svendsrud, Bente Midtsveen og Rolf Erik Syversen – den legendariske gitaristen. Han døydde kort tid etter desse innspelingane.

Publisert 16. november 2021: Til 200 års minnet for Anders Sørensens fødsel har plateselskapet Aksent utgitt eit dobbelt-CD album.

Komposisjonane blir framført av Håvard Svendsrud, trekkspel, Arvid Engegård, fiolin, Svein Haugen, bass, Bente Midtsveen, trekkspel, Mari Lerseth, fiolin og Rolf Erik Syversen, gitar.

Anders Sørensen vart fødd 14. november 1821 på husmannsplassen Løvlien i Romedal.

Han var ein meister på fele, men blei aldri nokon rik mann. Tente han penger på spelinga gav han dei gjerne til dei han meinte som trongde meir.

Han spelte for fattig og rik  – og som han sjølv sa, «eg har spela for tre kongar og ein keisar».

På plakaten kunne han titulere seg som «elev av Ole Bull».

Jubileumsalbumet gir ein sterk dokumentasjon av kvaliteten i musikken han skapte.

Og vi kan vanskeleg tenke oss eit ensemble som kan gi betre tolkninger.

Ein solid bonus er det fyldige innleggskortet der Håvard Svendsrud fortel om både sitt personlege forhold til musikken og om eit spelemannsliv i fattige kår på landevegen.

For Anders Sørensen var musikken alt. Spelte gjorde han til sin siste dag, 16. februar 1896.

Hedemarksmusikken representerer ein storslagen norsk kulturskatt. I nyare tid er den også glimrande tolka av gammaldansgruppa Over Stok og Steen, Anders Grøthe og fleire.

Til dei 35 nyinnspelingane har Håvard Svendsrud samla medspelarar som evner å yte rettferdig til den store slåttekomponisten. Fynd og klem over musikken, men ikkje overarrangert. Slik er dette blitt rett gammaldans som kan fungere både i konsertsal og for dansegolv.

Hedemark – Østerdalen har fostra mange store spelemenn og komponistar, som Oluf Melvold, Severin Jevnaker, Daniel Sæther, Lars Hollo og Anders Sørensen som ofte blir rekna som den største. Men musikken dei alle skapte har kvalitetar som har hatt levetid langt utover komponistane sine eigne liv. 

Per Bolstad høyrer på mange måtar med i same slektsskapet, norsk musikk ofte inspirert av europeisk populærmusikk i samtida.

Dei suverent mest kjende melodiane er «Den ubemerkte» – oftast kalla «Sørensens vals» og «Hilsen til Hamar» – altså på folkemunne «Sørensens reinlender».

Særleg den siste har standard for grupper som har hatt gammaldans på repertoaret.

Men dette er berre to av 35 komposisjonar. Galoppen «Hjemreisen fra Grundset» er ein fulltreffar saman med fleire nydelege valsar («Et farvel», Nyttaarshilsen», m.fl.)

Det er tonat frå farne tider, polka og fandango, masurka, menutt og firetur…

Håvard Svendsrud har vidareført Kåre Korneliussens plateselskap Aksent, og heidrar den store trekkspelaren sitt minne ved innspelinger av det beste frå trekkspelrepertoaret og tradisjonsmusikken. Det er ei omfattande kulturoppgåve for å sikre varig vern av nasjonale toneskattar.

Det ville ha vore synd og skam dersom det Anders Sørensen etterlet seg skulle gå til spille.

Stor heider til alle medverkande for å ha reist eit sterkt minne over ein av musikkens store personlegdomar.

Kjell Opsal