Avslutningsnummeret «Bedre og bedre dag for dag» med Ărskog Allspelorkester, Ăssân og solistane f.v. Liv Birgit Holseter, Astrid Hildre, Janne Iren Holseter, Odd Arne Halaas, Stephanie Lippert, Eli Cathrine Kjersem og Ăystein Vestre – som ogsĂ„ var programleiar.
Publikum frĂ„ nĂŠr og fjern fylte kulturhuset pĂ„ SjĂžholt til randen dĂ„ Ărskog Allspelorkester arrangerte allsangkonsert sĂžndag ettermiddag.
TEKST OG FOTO: EDMUND MELKILD
Sterke song- og musikkrefter bĂ„de frĂ„ SunnmĂžre og Romsdal var foreinte dĂ„ Ărskog Allspelorkester med kapellmeister Daniel Falcon GrĂŠsdal inviterte til allsang i kulturhuset.
Odd Arne HalÄs, titulert som «NordmÞres Jan HÞiland», opna med «Tio tusen rÞda rosor», og deretter fÞlgde den eine kjente slageren etter den andre. Dei som ikkje var heilt sikre pÄ teksten kunne fÞlgje med pÄ storskjerm, sÄ det var inga unnskyldning for ikkje Ä synge med.
Svensk
I slagerkonsertar som dette blir det gjerne mykje kjent svensk musikk. Allspelorkesteret hadde alliert seg med Stephanie Lippert, svensk operasongar som har emigrert til Tomrefjord. Ho var med Ä lÞfte arrangementet, bÄde som solist og i duo med Odd Arne HalÄs.
StorblÄsarar
OgsĂ„ Ărskog StorblĂ„sarsamband og dirigent Marianne HafsĂ„s var med, i samspel med allspelorkesteret. Blant anna med Roger Millers udĂždelege «King of the Road». Naturleg nok utan allsong, men som programleiar Ăystein Vestre sa: – Av og til er det godt Ă„ berre bruke Ăžyrene ogsĂ„.
Balladar og polka
Det var mange hĂžgdepunkt ein i frisk og sprudlande konsert, men for nokre var det kanskje Cornelis Vreeswijk sin lett melankolske «Balladen om herr Fredrik Ă
kare och den söta fröken Cecilia Lind» med Stephanie Lippert som stod fram.
OgsÄ eit par av Benny Anderssons nyare komposisjonar vart framfÞrt. Og Hans Rotmos «Dansen pÄ Nedre Elvehavn».
– Kjekt Ă„ fylle huset
Kapellmeister Daniel Falcon GrÊsdal sa det kjentest godt Ä kunne fylle kulturhuset igjen. Det har blitt mange avlyste og utsette arrangement dei siste to Ära. Men det var ei opning mellom «delta» og «omikron» sist haust som vi greidde Ä utnytte. Det neste blir Fredskonserten i mai, sa GrÊsdal.
Som ein viktig del av arrangementet mĂ„ ogsĂ„ Ărskog Bygdekvinnelag nemnast. Dei stilte med utsĂžkte kaker og nytrekt kaffi i pausen.